Sjukepleiar i heimetenesta

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ambulerande heimetenester med base i Volda sentrum får eit ledige vikariat for autorisert sjukepleiar:

100 % i perioda 01.05.25 - 31.08.26, med todelt turnus med arbeid på dag og kveld, inkludert helg

Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.


Arbeidsoppgåver

Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar.

Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest 

Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel

Søkjar må ha førerkort kl B 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter medarbeidarar som er effektive og løysingsorienterte, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Dei aktuelle må vere engasjerte, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygge på eigne avgjerder. Er ein i tillegg endringsvillig og har variert praksis så er det eit pluss. Andre kriterier:

God fagkompetanse og engasjement for fagleg utvikling

Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver

Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring

Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar. 

Vi tilbyr

Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!

Ein arbeidsplass med fokus på heiltidskultur

Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.

Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø

Mentorordning for nytilsette

Tilgang til e-læringkurs frå Glup

Fokus på relevant kompetanseutvikling

Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover

Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)

Stillingskode 717400 sjukepleiar.
 

Kontaktinformasjon

Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no

Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 4

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4945026557

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.05.2025

Sluttdato: 31.08.2026

Søknadsfrist: 10.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
399791722
Sist endret
27. mars 2025 08:11