Off. godkjent sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune, Hjørundfjordheimen
- Stillingstittel
- Off. godkjent sjukepleiar Hjørundfjordheimen
- Frist
- 20.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Ved Hjørundfjordheimen er det ledig 2x100 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar.
Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Ved avdelinga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden.
Vi er stolte at å vere ei heilttidskulturkommune og jobbar etter;
- Årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
- Moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du få varierte arbeidsoppgåver med hovudoppgåve å gi god og omsorgsfull sjukepleie. Vi legg vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
Personlege eigenskapar
- Du må ha interesse og gjennomføringsevne i å gi brukarane godt innhald i dagane
- Vere interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
- Relevant arbeidserfaring
- Likar utfordringar og handtere raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tek initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å både arbeide sjølvstendig og å samhandle
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
DokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Øyragata 20
6165 Sæbø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4940390138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Øyragata 20, 6165 Sæbø
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 399883094
- Sist endret
- 27. mars 2025 11:18