Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Psykosepost Valen sjukehus
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 21.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.
Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.
Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell?
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar som treng behandling i døgnpost
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
- Rettleingsansvar for studentar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- god på samarbeid og kommunikasjon
- initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
- en som trivest i eit aktivt og travelt miljø
- ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- ein som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er god på å etterspør rettleiing
- lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder Pleie, +47 53466473Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4941741595
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 21.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 399887461
- Sist endret
- 27. mars 2025 12:03
Mer som dette
