Brannførebyggar

Arbeidsgiver
Vågå Kommune Brann/feiervesen
Stillingstittel
Brannforebygger/feier
Frist
23.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brannførebyggar

Vågå brannvesen treng ein brannførebyggar i 100% fast stilling. Vi tilbyr ei spennande stilling, med mange og varierte oppgåver i ein til tider hektisk kvardag. Vi leiter etter deg som har ei solid interesse for faget, som er positiv og utåtvend og som både jobbar godt i team, men som og kan arbeide sjølvstendig.

Vågå brannvesen er i eit samarbeid med Sel brann- og redningsvesen. Det er frå før tilsett 2 brannførebyggarar i Sel, og du vil inngå i eit team med desse. Dette inneber at dykk 3 til saman vil løyse oppgåver i båe kommunar. Din næraste leiar vil vere leiar førebyggande.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene vil vere å forebygge brann ved feiing og tilsyn med fyringsanlegg, samt gjennom informasjonstiltak og førebyggande brannvern. Dette inneber mykje kontakt med menneske, med mykje utåtvend og oppsøkjande aktivitet, forvaltning av lovverk, bruk av data som arbeidsverktøy og arbeid i høgda.

Andre oppgåver kan leggjast til stillinga, ut frå løpande behov innan brannvesenet i Sel og Vågå.

På sikt vil det også kunne vere mogleg å sjå for seg ei stilling i beredskapsstyrken.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha sveinebrev som brannførebyggar/feiarsvenn
  • Du må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Du må ha førerkort kl. B, manuelt gir
  • Du bør vere i god fysisk form og komfortabel med å arbeide i høgda/på tak
  • Du bør ha gode dataferdigheiter

Søkjarar utan sveinebrev kan bli vurdert

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi forventar at du er:

  • Ein stødig person som taklar endringar og travle dagar
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Strukturert og ryddig i arbeidet
  • Løysingsorientert
  • Sosial og inkluderande
  • God på relasjonsbygging og kommunikasjon

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og viktig jobb i lokalsamfunnet
  • Spennande faglege utfordringar
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tenestebil
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid
  • Løn i samsvar med gjeldande tariff og regelverk
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Tilsetting i eit brannvesen krev uttømande politiattest og god vandel, jf. brann- og eksplosjonsvernloven §18.

Kontakt

Tor-Even Vågheim

Leiar førebyggande

Tlf. 99 58 96 12

E-post: tor-even.vagheim@vaga.kommune.no

Eller

Roar Strand

Brannsjef

Tlf. 90 14 19 75

E-post: roar.strand@vaga.kommune.no

Administrasjonsspråket i Vågå er nynorsk.

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Søknadsfrist: 23. april 2025

Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Sektor
Offentlig
Sted
Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå
Stillingsfunksjon
Håndverker, Brannvern, Annet
FINN-kode
399907208
Sist endret
27. mars 2025 10:38