Sommarjobb hos oss?

Arbeidsgiver
Hjartdal kommune Hjartdal omsorgssenter
Stillingstittel
Sommar/ferievikarar helse og omsorg
Frist
30.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

 

Hjartdal kommune treng sommarvikarar innanfor ulike tenesteområder:

• Heimesjukepleietenesta søkjer etter assistentar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar til arbeid både dag/ kveld, natt og helg.

• Tenesta praktisk bistand- heimehjelp søkjer etter assistentar for arbeid på dagtid i veka.

• Hågån bu-fellesskap søkjer etter fagarbeidarar/ vernepleiarar (studentar), men assistentar er også velkommen til å søkje. Arbeidstider er både dag/kveld, evt. natt, samt helger.

• Hjartdal omsorgssenter søkjer etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar til arbeid dag/kveld/natt og helger.

 

Me ser gjerne at du har erfaring frå tilsvarande arbeid og kjenner fagområda frå før – sjølv om dette ikkje er ei føresetnad.

Me ynskjer at du er ein person med interesse for fagområdet, har ståpåvilje og er lojal. Du er fleksibel,  samarbeidsviljug og ynskjer å jobbe når vi treng deg. Dei som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga. 

 

 

Kva kan du forvente?

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Eit høgt fagleg nivå på arbeidsplassen og i tenestane
  • Ein moglegheit for vidare arbeid som vikar
  • Gode løn- og pensjonsvilkår
  • Du får god opplæring og nødvendige kurs

 

Kva ynskjer vi frå deg?

  • Det er ei fordel om du har erfaring frå tilsvaranda arbeid, men dette er ikkje ei føresetnad.
  • At du er lojal, har ståpåvilje, er fleksbel og er motivert til å lære.

  

Du må ha førarkort klasse B for å jobbe i Heimetenesta og som Praktisk bistand – Heimehjelp.

Dei som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

 

 

Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

 

Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hågånvegen 19, 3692 Sauland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
400038478
Sist endret
28. mars 2025 07:47