1 stilling som postdoktor ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- 1 stilling som postdoktor ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år) (kopi)
- Frist
- 17.04.2025
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wOm stillinga
Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet ‘Unge lovbrytere: Vurderinger av strafferettslig utilregnelighet og voldsrisiko for barn som er over den kriminelle lavalder’ (CHILDCRIM).
Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga inntil fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Tiltreding er 15. juni 2025 eller etter avtale.
Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling som har som mål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetting.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Du må ha doktorgrad i rettsvitskap. Kandidatar som har levert doktoravhandling til bedømming innan søknadsfristen kan søke.
- Du må ha relevant kompetanse innan strafferett. Kunnskap om strafferettsteori om preventive tiltak er eit føremonn.
- Du må ha god kunnskap om norsk rett og det norske rettssystemet. Erfaring med empiriske undersøkingar av rettskjelder er eit føremon.
- Du må ha interesse for dei problemstillingane som CHILDCRIM omfattar.
- Du må gjennom akademiske arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
- Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg. Dei språklege kunnskapane må vere på eit slikt nivå at du kan analysere rettsavgjerder frå norske domstolar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med eit postdoktorprosjekt som skal resultera i minimum fire vitskaplege arbeidar i anerkjente publiseringskanalar.
- Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaar.
- Delta på og vere med å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane, og eventuelt medlemmer i andre tilknytte prosjekter.
- Vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved fakultetet.
CHILDCRIM-prosjektet
CHILDCRIM vil studere hvilken betydning det har at lovbryteren er et barn i rettslige og rettspsykiatriske vurderinger i saker om utilregnelighet og kriminalitetsforebyggende, preventive reaksjoner. Prosjektet er basert på et unikt datamateriale av alle norske dommer og rettspsykiatriske erklæringer i saker som gjelder barn i perioden 2013-2024. Prosjektet tar et rettslig og konstitusjonelt utgangspunkt i vern av barns rettigheter, jf. Grunnloven § 105 og Barnekonvensjonen. Gjennom å integrere rettsvitenskapelig teoretisk og empirisk forskning med forskning om utvikling, psykiske lidelser og risikofaktorer hos barn vil prosjektet frembringe ny kunnskap og identifisere behov for endret rettslig regulering og rettslig og rettspsykiatrisk praksis.
Interesserte kandidatar oppfordrast til å sjå uib.no/childcrim og kontakte prosjektleiar Linda.Gröning@uib.no for meir informasjon.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved fakultetet, med særs gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
- Opning for å søkje stipend for å gjennomføre forskingsopphald ved institusjonar utanlands som ein del av stillinga.
- Bruttoårsløn på kr 720 100,- i full stilling (kode 1352). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby sine tilsette.
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Brevet skal gi ei kort utgreiing om den faglege bakgrunnen og forskingsinteressene dine, personlege eigenskapar og motivasjonen for å søkje stillinga.
- CV (fyllast ut i søknadsportalen).
- Prosjektomtale (motivasjonsbrev) på 1-2 sider. Omtalen skal skildre korleis kompetansen din er relevant for CHILDCRIM-prosjektet, dei metodologiske og teoretiske perspektiva du foreslår å bruke, og korleis du ser for deg ditt bidrag til det overordna prosjektet.
- Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål.
- Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
- Full versjon av doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere rettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka.
Søkjarar med anna morsmål enn eit skandinavisk språk må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga (tilsvarande minimum nivå B2).
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenka på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen 17. april 2025. Alle vedlegg må gis en beskrivende tittel og merkes med korrekt kategori riktig i portalen. Søknader som ikkje tilfredsstiller dei formelle krava vil ikkje bli vurdert.
Generell informasjon:
Vurderinga av søkarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for CHILDCRIM-prosjektet, samt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre postdoktorprosjektet og for bidra til fagmiljøet ved fakultetet.
Dei best kvalifiserte søkarane kan bli kalla inn til intervju.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen her.
- Utfyllande opplysningar om stillinga og rettleiing om utforming av prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Linda Gröning (e-post Linda.Gröning@uib.no)
- Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dragefjellet, Bergen, 5010 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Jurist
- FINN-kode
- 400057771
- Sist endret
- 28. mars 2025 10:03
Mer som dette
Prodekan for forskning og utdanning, Fakultet for helse, velferd og organisasjon
