Sjukepleiar/helsefagarbeidar/spl. student natt - 26 % fast
- Arbeidsgiver
- Alver kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent natt - 26 % fast helgestilling
- Frist
- 11.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du ein engasjert sjukepleiar/helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent som søkjar spanande moglegheiter? Me har ledig ei 26 % fast helgestilling som sjukepleiar/helsefagarbeidar/sjukepleiarstudent i nattpatruljen. Med årsturnus og arbeid i snitt kvar 3.helg, får du moglegheita til å planlegge balansen mellom arbeid og fritid på ein god måte. Oppmøte for denne stillinga er i Knarvik og på Manger.
Arbeidsoppgåver
Som tilsett i heimetenesta og nattpatruljen vil du få arbeide bredt innafor fagfeltet. Du vil yte tenester til brukarar som bur i eigen heim, og jobbe med alt frå administrasjon av legemidlar, div. prosedyrar, handtere akuttsituasjonar, pleie av terminale, stell osv. Kvardagen vil variere ut frå behovet til brukarane, og du vil oppleve stor grad av fagleg utvikling. Tenestene vert gjort etter vedtak, og du vil følgje ei arbeidsliste i tillegg til å respondere på alarmar ved behov.
Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.
Om avdelinga
Avdeling Knarvik sørvest har kontor i Knarvik. På dag/kveld gir me tenester til brukara som bur i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen organisert under Knarvik sørvest. Nattpatruljen dekker heile Alver kommune og har oppmøteplass i Knarvik og Manger. Pr no er det 6 tilsette på jobb kvar natt. I nattpatruljen jobbar det sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, som alle bidrar med si høge kompetanse til vårt felles mål: å levere omsorg av høg kvalitet.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar, evt sjukepleiarstudent
- Sertifikat klasse B
- Behersker norsk både skriftleg og muntleg
Me ser etter deg som:
- Effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
- Sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner lett løsningar.
- Fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situasjoner og klarer å prioritere.
- Glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
- Positiv. Du er ein humørspredar – blant kollegaer og brukarane.
- Nattugle. Du trives med å jobbe natt og klarer å holde fokuset oppe.
- Framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.
Vi tilbyr
- Kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kvassnesvegen 27, 5914 Isdalstø
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 400112268
- Sist endret
- 31. mars 2025 06:14