Bli vår nye konsulent hos og bidra til god pasientflyt?

Arbeidsgiver
Pasientreiser Helse Fonna HF
Stillingstittel
Konsulent
Frist
21.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobba med pasientkontakt og koordinering i eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, læring og god stemning?

Som konsulent hos oss får du ei variert og viktig rolle der du har kontakt med pasientar, helsepersonell og transportørar – hovudsakleg over telefon. Du er med på å planleggje og bestille reiser, koordinere transport og bidra til god flyt i kvardagen for dei som treng det mest.

Vi har jamlege kurs og faglege møte – både digitalt og i fagforum – der vi lærer av kvarandre, deler erfaringar og diskuterer aktuelle problemstillingar. Du får høve til fagleg utvikling i kvardagen, samtidig som vi legg stor vekt på trivsel og fellesskap. Velferdskomiteen vår arrangerer månadlege aktivitetar, og vi reiser på årleg tur med både fagleg og sosialt innhald.

Du må kunne yte god service på telefonen samstundes som du nyttar digitale verktøy. Det er ein fordel om du er godt kjend i Helse Fonna sitt område sidan vi samarbeider med alle kommunane i området til Helse Fonna.

Høyrest dette ut som ein arbeidskvardag for deg? Då håpar vi du vil søkje – vi ser fram til å bli kjent med deg!


Kva går jobben ut på?

  • Kundebehandling via telefon
  • Rettleiing av helsepersonell, pasientar og transportører
  • Transportkoordinering
  • Reiseplanlegging
  • Flybestilling
  • Saksbehandling

Endringar i arbeidsoppgåver må påreknas ved behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bestått 3 år videregåande skule
  • Erfaring frå reiseplanlegging og saksbehandling er ønskeleg.
  • Gode allmenne datakunnskaper og erfaring i bruk av IKT-verktøy
  • Gode språkkunnskaper og kommunikasjon er heilt avgjerande for nøyaktig samhandling med ulike instanser. Søkar må kunne norsk munnleg og skriftleg. Søkarar med anna morsmål enn norsk må ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Kjenner du deg att i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg:

  • Gir god service og kommuniserer tydeleg
  • Har orden og er fleksibel
  • Trivst med å jobba sjølvstendig, men og saman med andre
  • Tek initiativ og lærer raskt
  • Bidrar til eit godt og engasjerande arbeidsmiljø

    Kvifor velje oss?

    • Du blir ein del av eit trygt og godt arbeidsmiljø med høg takhøgd
    • Du får god opplæring og fagleg påfyll gjennom e-læring, kurs og fagforum
    • Vi har ein aktiv velferdskomité som arrangerer månadlege aktivitetar
    • Vi reiser på årleg tur med både fagleg og sosialt innhald
    • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar: medlemskap i pensjonsordning (2 % pensjonstrekk), yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Marie Helen Hetland Kastrati, Funksjonsleiar, +47 92294570

    Arbeidsstad

    Møllervegen 22

    5525 Haugesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


    Referansenr.: 4944759870

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 21.04.2025

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Møllervegen 22, 5525 Haugesund
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Koordinering
    FINN-kode
    400627080
    Sist endret
    31. mars 2025 01:06