Kjøkkenassistent

Arbeidsgiver
Seksjon for kjøkken og kantine Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Frist
14.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og trivst med varierte arbeidsoppgåver? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team!

Vi søkjer ein engasjert assistent i 100 % fast stilling. Hos oss står samarbeid og trivsel i sentrum, og vi lagar dei fleste produkta frå grunnen av. Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med rullering av oppgåver. Produksjonen går føre seg heile året, 365 dagar.


Arbeidsoppgåver

  • Varemottak og mottakskontroll
  • Matproduksjon og utdeling av mat og drikke
  • Reinhald og oppvask
  • Drift av kantine
  • Bruk av kjøkkenet sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonen sine digitale verktøy

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 18 år
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå storkjøkken er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og lærevillig
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Teknologivandt og komfortabel med digitale verktøy

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Volda 
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.-  Og her

Kontaktinformasjon

Beate Leite Førde, Seksjonsleiar, beate.leite.forde@helse-mr.no

Arbeidssted

Volda sjukehus

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4943596149

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Volda sjukehus, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider, Mat og servering / Kokk
FINN-kode
400633983
Sist endret
31. mars 2025 01:22