Gruppeleiar

Arbeidsgiver
Natt-tenesta i Kvam
Stillingstittel
Gruppeleiar
Frist
25.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer etter ein fagleg engasjert gruppeleiar for natttenesta i Kvam. Stilling er i 100 % stilling, der 60 % leiar for natt-tenesta og 40 % er knytt til fagleg utviklingsarbeid. Som gruppeleiar vil du ha eit tett samarbeid med dei andre leiarane i pleie og omsorg. 

Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene.  Natt-tenesta er organisert i tenester til heimebuande.


Arbeidsoppgåver

  • Administrative oppgåver, drift- og utvikling innan personal og økonomi
  • Driva og delta aktivt i kontinuerleg forbetringsarbeid og endringsarbeid 
  • Fagleg rettleiing til personalgruppa
  • Bemanning- og arbeidstidsplanlegging

Kvalifikasjonar

  • Min 3- års relevant høgskuleutdanning innan helse eller sosialfag
  • Leiarutdanning eller leiarerfaring
  • Stillinga høver for deg som ønskjer utviklingsoppgåver, som er løysingsorientert og kan handtera ulike utfordringar på ein fleksibel måte
  • Du må kunne leiar etter vedtekne mål og rammer for tenesta
  • Me ønskjer ein leiar som kan kommunisera tydelege forventningar, gje tilbakemeldingar og legge til rette for utvikling gjennom å involvera og gje ansvar til medarbeidarane

Personlege eigenskapar

Me ynskjer deg som:

  • Har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevne og viser engasjement og fleksibilitet
  • Kan jobba sjølvstendig og i team
  • Har eit støttande, relasjonsorientert og tillitsbasert leiarskap

Vi tilbyr

  • Varierte, lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg, nyskapande og løysingsorientert arbeidsmiljø
  • Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Kjersti Hanssen, Leiar Tenester til heimebuande, +47 482 08 990

Arbeidsstad

Nedre Norheim 44

5600 NORHEIMSUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad


Referansenr.: 4875327059

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 25.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
380029891
Sist endret
12. nov. 2024 08:04