Å læra norsk er ein viktig føresetnad for god integrering.

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Kultur og læring
Stillingstittel
Lærar vaksenopplæring
Frist
21.11.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søkjer:

100 % vikariat frå snarast og ut skuleåret.  

Vindafjord vaksenopplæring er ei avdeling i eining Kultur og læring. Det er åtte lærarar i tillegg til avdlelingsleiar. Elevtalet varierar i tråd med busette flykningar. Vaksenopplæringa held til i  Kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen sentrum.  

Arbeidsoppgåver: 

Undervisning etter integreringslova og opplæringslova. Norsk og samfunnskunnskap etter Læreplan for norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Undervisning i grunnleggjande dugleikar, fag og spesialundervisning på grunnskulen sitt område for vaksne.

Kvalifikasjonar:

  • Lærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i vaksenopplæring
  • Vidareutdanning i norsk som andrespråk eller tilsvarande er ønskeleg
  • God norsk skriftleg og munnleg framstilling
  • God IKT kompetanse er ein føresetnad

Personlege eigenskapar:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du tek ansvar og kan både arbeida sjølvstendig og i team
  • Du er løysingsorientert og endringdyktig 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sjøperlo, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
380124729
Sist endret
12. nov. 2024 09:39