Politioverbetjent med funksjon som spaningsleiar
- Arbeidsgiver
- FEE-Avsnitt for metodebruk, Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Politioverbetjent med funksjon som spaningsleder
- Frist
- 27.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforskning av organisert kriminaliet, Avsnitt for metodebruk, vil det bli ledig ei eller fleire faste stillinger som politioverbetjent med funksjon som spaningsleiar. Stillinga er stadsplassert i Bergen.
Avsnittet driv operativ etterforsking i skjult fase av saker for heile politidistriktet, samt i skjult fase av saker for andre politidistrikt / særorgan som ber om bistand frå Vest politidistrikt. Avsnittets spaningsleiarar jobbar i turnus og leier operativ innsats under dagleg tjeneste.
Som spaningsleiar vil du få moglegheit til å leie dedikerte og dyktige operatører. Vi ser etter deg som setter retning, skaper oppslutning om mål og gjennomfører nødvendige endringar. Du må ha evne til å motivere og utvikle medarbeidarane og samtidig kunne samhandle godt med både med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver
- Medverke i etterforsking og tiltak mot alvorleg kriminalitet ved spaning og bruk av andre skjulte etterforskingsmetodar
- Ansvar for organisering, leiing og gjennomføring av skjulte etterforskingsskritt for å besvare prioriterte informasjonsbehov eller avdekkje, motverka, førebygge og oppklare alvorleg kriminalitet.
- Tilrettelegging og oppfølging av kompetanseutvikling på eige team
- Bidra med fagutvikling, tilsyn, rapportering, rettleiing og undervisning innan eige fagområde
- Bidra til kontinuerleg evaluering, metodeutvikling og kompetanseheving
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og utføre arbeidsoppgåver som resulterer i at samarbeid med spanarar, etterforskarar, påtalejuristar og andre gjer mest mogleg effekt i form av bevissikring, framdrift i saker og nyttig informasjon
- Bistå avsnittsleiar med leiing og utvekling av avsnittet samt andre førefallande oppgåve
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God erfaring innan spaning og bruk av skjulte metodar
- Erfaring innan open etterforsking
- God kompetanse i bruk av politiets system og opne kildar
- Du må vere IP4-godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
- Du må kunne sikkerhetsklarerast HEMMELEG
Ønskjeleg
- Erfaring med bruk av politiets etterretningssystem vert vektlagt.
- Vidareutdanning innan fagområdet er ein fordel
- Utdanning og/eller erfaring innan leiing og operativt arbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Mål- og resultatorientert med evne til å ta sjølvstendige og strategiske avgjerder i enkeltsaker
- Evne å kommunisere og samarbeide med andre i tidvis svært krevjande situasjonar
- Evne til kreativ problemløysing, læring og kompetanseutvikling
- Inneha stor integritet, lojalitet og tilpassingsevne
- God observasjonsevne, hukommelse og evne å handtere stress
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politioverbejent med funksjon som spaningsleiar (stillingskode 0287), vert lønna frå ltr 73/ kr 732.300. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mørk, Seksjonsleiar, 41492601Kjetil Dybsland, Avsnittsleiar, 95858915
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4843283710
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Ledelse, Sikkerhet
- FINN-kode
- 380185100
- Sist endret
- 12. nov. 2024 02:17