KYRKJELYDSPEDAGOG - Hareid kyrkjekontor - inntil 80 % stilling

Arbeidsgiver
Hareid Sokn
Stillingstittel
Menighetspedagog
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ynskjer styrkje arbeidet blant barn og unge og søkjer etter ein person som får ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, ungdomsarbeid og Ten-Sing. Stillinga vert i samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog. Trusopplæringa er godt utbygd, vi fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.




Hva vi ser etter

KVALIFIKASJONAR:

-Utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning.

-Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med born, ungdom og konfirmantar i kyrkjelyd.

-Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

-Den som vert tilsett er underlagt teieplikt.

-Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar.

-Må beherske norsk skriftleg og munnleg.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

-Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom.

-Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig.

-Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.

-Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande.

-Personlege eigenskapar vert vektlagt.




Arbeidsoppgaver

Administrere og utføre undervisninga i aldersgruppa 11-18 år, i samråd med andre tilsette.

Samarbeid med skulane om undervisning av Tidslinja.

Ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUM/K.

Administrative oppgåver som ligg til arbeidet.

Ein må rekne med kvelds-, helge- og høgtidsarbeid.




Vi tilbyr

Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø.

Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige.

Gode utarbeidde og utprøvde planar for trusopplæringa.

Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler.

Løn etter gjeldande tariff.

Pensjonsordning i KLP.

Sektor
Offentlig
Sted
Bedehusgata 17, 6060 Hareid, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Ledelse
FINN-kode
380298864
Sist endret
13. nov. 2024 10:42