Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Medisinsk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 28.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ved Medisinsk sengepost B har vi ledig fast 80 % stilling på natt for sjukepleiar frå 1.2.25.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledig, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Medisinsk sengepost B inneheld faggruppene hjerte, infeksjon og geriatri. Sengeposten har 20 senger, og vi tek imot både øyeblikkeleg hjelp og elektive pasientar. Det er ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, og til tider høgt tempo. Arbeidsoppgåvene er varierte med fokus på god og heilheitleg pasientbehandling, med pasiensikkerheit i fokus. Vi har god opplæring av nytilsette, samt her får du lov til å vere ny lenge. Du får opplæring og rettleiing av erfarne kollegaer underveis.
Vi jobber med oppgåveglidning, der helsefagarbeidarar får opplæring i enkelte prosedyrer som kan avlaste sjukepleiaren. Arbeidsdagen vår er prega av samarbeid, arbeidsglede og godt humør.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og vi er klar for innflytting våren 2025 i flotte lokaler.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Stell, pleie og observasjon
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med, og holde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Rettleiing av studentar
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Relevant erfaring vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, løysningsorientert og har gode samarbeidsevner
- Du arbeider både sjølvstendig og i team
- Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Du bidrar til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Du er fagleg engasjert
- Du er ansvarsbevisst
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, 93451373, Mette.Malme@helse-mr.noArbeidsstad
Molde sjukehus6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4880193715
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Molde sjukehus, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 380445295
- Sist endret
- 14. nov. 2024 11:28