Sjukepleiar 

Arbeidsgiver
Akuttmottak og observasjonspost,Stord sjukehus
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
04.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig vikariat som sjukepleiar frå 15.01.2025 - 01.07.25. I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år på natt. Det legges opp til langvakter på 12 timar frå neste års turnus frå februar 2025. Det tilbys kompensasjon på helgetillegg dersom avtale om langvakter blir inngått.

Hos oss vil du få ein spennande og variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø saman med kjekke kollegaer. 


Arbeidsoppgåver

  • Du jobbar både sjølvstendig og som ein del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag
  • Mottak og triagering av pasientar, samt nødvendig pasientoppfølging
  • Rettleiing av sjukepleiarstudentar i medisinsk praksis

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 
  • Må ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
  • Ynskjeleg med erfaring frå akuttmottak

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
  • taklar akutte situasjonar og har eit fagleg klinisk blikk
  • har høg arbeidsmoral og er villig til å tileigne deg kunnskapar
  • arbeidar målretta og strukturert
  • er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Relevant opplæring
  • Eit aktivt, positivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
  • Fagleg utvikling 

 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Møklebust, Funksjonsleiar, +47 97574977

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4887190289

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Startdato: 15.01.2025

Søknadsfrist: 04.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
381239105
Sist endret
20. nov. 2024 07:03