Rådgivar/seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda

Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Stillingstittel
Rådgivar/seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda
Frist
04.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

I Studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda er det ledig ei fast stilling som rådgivar innan utdanningskvalitet og læringsmiljø. 

Det er og ledig eitt års vikariat som seniorkonsulent innan utdanningskvalitet og læringsmiljø. 

Arbeidet i Studieadministrasjonen er organisert i ulike team. 

Team Utdanningskvalitet og læringsmiljø driv prosessleiing, saksutgreiing og fagstøtte knytt til læringsmiljø, studentmedverknad og utvikling av studieporteføljen, inkludert mellom anna akkreditering og kvalitetssikring i tråd med HVO sitt kvalitetssystem.

 

I tillegg til dette teamet består Studieadministrasjonen av eit team for opptak, eit for eksamen, eit for studium/studentsørvis og stabsoppgåver. 


Kvalifikasjonar

For tilsetjing i vikariat som seniorkonsulent er det krav om bachelorgrad. Denne stillinga vil primært jobbe med drift av prosessar, oppfølging av vedtak, saksutgreiing i mindre komplekse saker m.m. Det kan vere ein fordel med erfaring med statistikk og analyse (gjerne frå høgare utdanning eller forsking). Kjennskap til PowerBI eller liknande datavisualiseringsverktøy er også ønskjeleg.

For den faste stillinga må du ha master innan utdanningsfaglege, humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag eller anna relevant fagområde. Relevant erfaring kan vege opp for kravet om masterutdanning. Denne stillinga vil primært jobbe med utvikling av prosessar, kunnskapsgrunnlag til avgjerder på strategisk nivå m.m.

For begge stillingane må ein ha relevant erfaring frå kvalitetsutviklingsarbeid, sakshandsaming og rådgjeving.

Det er ein fordel med erfaring innan prosjekt- eller prosessleiing og erfaring frå eller kjennskap til høgare utdanning. 

Vi vil i tillegg legge vekt på at du har/er:

  • gode analytiske eigenskapar og evne til å tenke strategisk og framtidsretta
  • gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg, og kunne formidle komplekse saker på ein strukturert og oversiktleg måte
  • ein pådrivar med gode samarbeidsevner
  • løysingsorientert og serviceinnstilt

Du bør kunne skrive godt på begge målformer og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.


Arbeidsoppgåver

For stillingane innan utdanningskvalitet og læringsmiljø søkjer vi deg som kan handsame komplekse saker, rådgje og støtte fagmiljø, avdelingar og administrasjon innan teamet sitt ansvarsområde. Avhengig av kompetanse vil du kunne få særleg ansvar for oppfølging, utvikling og styrking av éin eller fleire arbeidsprosessar knytt til utdanningskvalitet og læringsmiljø ved høgskulen. Andre relevante oppgåver inkluderer saksutgreiing, analyse og utarbeiding av statistikk og rapportar. Oppgåver innan formidling, opplæring og utvikling av innhald til ressurssider (intranett) for HVO sine tilsette kan også vere aktuelt.

Du vil jobbe tett med resten av teamet, studiedirektør og andre medarbeidarar i Studieadministrasjonen. Du vil også ha god dialog med dei ulike fagavdelingane ved høgskulen. Stillingane rapporterer til studiedirektør.

Oppgåvene kan bli endra.


Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.  

Som vår nye kollega vil du få:

 

  • Engasjerte kollegaer 
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse. 
  • Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida 

 

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ:  

1363 seniorkonsulent kr 570 900 – 610 055,-/ 1434 rådgivar kr. 589 500 – 682 000.


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte konstituert studiedirektør Håkon Bø hakon.bo@hivolda.no tlf.70075168.

 


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Kontor og administrasjon
FINN-kode
381286488
Sist endret
19. nov. 2024 03:02