ID 967 Personal- og organisasjonssjef

Arbeidsgiver
Fitjar Kommune
Stillingstittel
Personalleder
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fitjar kommune søkjer personal- og organisasjonssjef. Du arbeider nært innpå både dei tilsette og den politiske leiinga og rapporterer direkte til kommunedirektøren.

Personal- og organisasjonssjefen blir næraste leiar for medarbeidarar som arbeider med HR og organisasjonsutvikling, kundetorget, IKT og arkiv. Personal- og organisasjonssjefen og avdelinga skal vere ei solid støtte og rådgjevar for kommunen sine leiarar, samt ein aktiv pådrivar for heilskapstenking, digitalisering og organisasjonsutvikling i kommunen.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera:

  • Arbeide med personal, kompetanse- og organisasjonsutvikling i organisasjonen

  • Vere ein pådrivar for ein tett og konstruktiv relasjon til kommunen sine leiarar og tillitsvalde

  • Utvikle eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Sikre profesjonell og effektiv personalforvaltning

  • Legge til rette for og følge opp politiske mål, strategier og planar

  • Vere pådrivar for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, lønnspolitikk og andre overordna retningslinjer og planar innanfor HR-området

  • Leie forhandlingar og drøftingar med leiarar og tillitsvalde saman med kommunedirektøren

  • Budsjett- og resultatansvar for kundetorget, IKT- og personalavdelinga

  • Overordna HMT-ansvar

  • Rettleie og støtte leiarar i HR-relaterte spørsmål

  • Ev. avløysar for kommunaldirektøren

Andre oppgåver vil kunne tilfalle stillinga ut frå kommunen sine løpande behov og kandidaten sitt kompetanseområde.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på masternivå, som HR, organisasjonspsykologi, kvalitetsleiing eller tilsvarande. Lang realkompetanse kan kompensera for manglande formell utdanning.

  • Kan vise til gode resultat som leiar eller spesialist, fortrinnsvis frå organisasjonsutvikling og HR-relaterte fagområde

  • Erfaring med endrings- og omstillingsprosessar

  • Solid kompetanse på arbeidslivsjuss, lov- og avtaleverk

  • Strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg

  • Kapasitet til å byggja gode relasjonar og samarbeida med andre.

  • Sjølvstendig og effektiv, med fagleg integritet

  • God digital dugleik

Personlege eigenskapar:

  • Utviklings- og resultatorientert

  • Gode samarbeids- og relasjonelle evner

  • Løysingsorientert, systematisk og målorientert

  • Evne til å oppnå resultat gjennom andre og til å inspirere og motivere

  • Kan legge til rette og leie fleirfagleg arbeid på tvers av ansvarsområde

  • Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø

  • Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver

  • Ei spanande stilling i organisasjonen med viktige og meningsfylte oppgåver

  • Stor variasjon i arbeidsoppgåvene med varierte arbeidsdagar

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Har du spørsmål knytt til stillinga kan du ta kontakt med

  • Kommunedirektør Steinar Dalland, tlf. 97 04 65 00

    e-post stedal@fitjar.kommune.no

  • Personal- og organisasjonssjef Jon Eirik Kvalnes, tlf. 99 38 95 62

    e-post jonkva@fitjar.kommune.no

Sektor
Offentlig
Sted
Sjøsbrekko 1, 5419 Fitjar
Stillingsfunksjon
Ledelse, HR, personal og rekruttering
FINN-kode
381690073
Sist endret
22. nov. 2024 11:37