Sauda ungdomsskule søkjer

Arbeidsgiver
Sauda kommune Sauda ungdomsskule
Stillingstittel
Lærar
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sauda ungdomsskule har ledig ein 100% fast stilling fra 01.02.25 og 150% vikariat i perioden 01.01.25-01.05.25. Me søkjer difor etter utviklingsorienterte og engasjerte lærarar som kan dekkje eit mangfald av behov på vår ungdomskule. 

Området oppvekst i Sauda Kommune består blant anna av tre barneskular og ein ungdomsskule. Til saman har grunnskulane i underkant av 600 elevar.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i ulike fag.
Bidra aktivt i det skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet
Samarbeid med føresette og kollegaer, og elles arbeid fell naturleg i ei lærarstilling

Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga matematikk, engelsk og norsk 
Lærarar med kompetanse i andre fag og spesialpedagogikk kan også søkja.
Gode IKT-dugleikar. Sauda kommune brukar læringsbrett i opplæringa.
Me krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Me søkjer etter deg som 
- har evne til å utvikla ein god og støttande relasjon til kvar elev
- er opptatt av at læring skjer i eit sosialt, fagleg og inkluderande fellesskap.
- har ambisjonar på vegne av alle elevane
- motiverer til læring, er positiv og utviklingsorientert
- kan bruka teknologi i det pedagogiske arbeidet
- har samarbeids- og delingskompetanse
- kommuniserer godt med føresette, elevar, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

Personlige dugleikar vil bli vektlagt.

Me kan tilby
Rettleiing for nyutdanna lærarar
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar 

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga. Ved interne overflyttingar kan det bli ledig i andre stillingar i oppvekstsektoren i Sauda kommune.

Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.

Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25.

Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 32, 4200 Sauda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
382777201
Sist endret
29. nov. 2024 01:02