80% stilling som fagarbeidar ved Eidesbrotet bofellesskap
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
- Frist
- 22.12.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
80% fast stilling for fagarbeidar, Eidesbrotet bufellesskap
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser ut fast stilling som fagarbeidar i turnus ved Eidesbrotet bufellesskap. Arbeid i turnus med arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Hovedarbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid
Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
Yte tenester etter gjeldande vedtak
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Veiledningsansvar
Me ser etter deg som
kan arbeide sjølvstendig og i team
har gode samarbeidsevner
er fleksibel og positiv til endringar
trivest med å vere i fysisk aktivitet
Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.
Du må og ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr
Ein spennande og lærerik jobb
Opplæring og rettleiing
Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
Arbeid i turnus med arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar for stillinga:
Me søkjer primært etter helsefagarbeider, men andre med erfaring og interesse for faget og brukargruppa kan bli vurderte.
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 383195157
- Sist endret
- 02. des. 2024 09:45