Ferievikar ved legekontoret

Arbeidsgiver
Årdal kommune Helse
Frist
03.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Me har behov for ferievikar på Årdal legekontor sommaren 2025

Me treng ferievikar i tidsrommet frå 20.06.2025 til 17.08.2025. Det er arbeid på dagtid og søkar må vera over 18 år.

Me ønsker ein person med medisinsk fagleg bakgrunn og/eller har starta utdanning innan
helsefagarbeidar/sjukepleiar som er kunnskapsrik, ønsker å lære nytt, er imøtekommande.
Du vil vere eit bindeledd mellom pasient og anna helsepersonell.

I arbeidskvardagen snakkar me med mange pasientar kvar dag som me prøver å hjelpa på beste måte. Hjå oss vil du møta trivelege kollegaer som vil ta godt vare på deg og vil gje deg god opplæring.


Me gledar oss til du kjem!

 

Løn og tilsetjingsvilkår:

Politiattest vert kravd framlagt, jf. Helse- og omsorgstenestelova.

Stillinga er løna etter HTA (Hovudtariffavtalen) og vert vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Årdal kommune sin lokale lønspolitikk legg føringar for at høgskulestudentar som tek til i arbeid som er relevant i høve utdanninga dei tek, vert løna som fagarbeidarar.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
383831345
Sist endret
09. des. 2024 06:42