Sommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demens
- Arbeidsgiver
- Førebygging og meistring, Ålesund kommune
- Stillingstittel
- Sommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demens
- Frist
- 22.04.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Assistent/fagarbeidar ved våre dagtilbod for heimebuande personar med demens. Vi har tilbod på Sanitetshjemmet, Hatlahaugen, Borgundheimen og Borgundgavla. For meir informasjon sjå https://alesund.kommune.no/helse-og-omsorg/dagtilbod-og-aktivitetar/dagtilbod-til-personar-med-demens
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid på dagsenter som skal bidra til meistring, gode opplevingar og auka livskvalitet for brukarane.
- Bidra til meiningsfulle og gode aktivitetar på dagsenteret.
- Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Vi søker deg som er under utdanning, eller av andre grunnar har mulegheit for å arbeide om sommaren. Vi har ulike alternativ: du kan jobbe heile perioden frå 23.06-22.08.2025, eller dei første fire vekene eller dei siste fire vekene. Ber om at du oppgir i søknaden kva som passar for deg.
- Grunnleggande datakunnskapar.
- Krav om førarkort klasse B til nokre av stillingane.
Når du søker stilling som ferievikar i Ålesund kommune, gjeld følgande:
1. Søkar må vere fylt 18 år.
2. Søkarar må kunne jobbe om lag heile perioden, spesifiser evt om du ikkje kan det.
3. Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
4. Søknadar registrerast på stillingsmappa (ref.nr) det er levert søknad på. Søknadane ligg i den aktuelle stillingsmappa så lenge den aktuelle verksemda har bruk for vikarar.
5. Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
6. Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
7. Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
Velkomen som søkar til stilling som ferievikar i Ålesund kommune!
Personlege eigenskapar
- Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
- Du ønsker å jobbe med eldre og bidra til at dei får ein god dag.
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Amrei Jakobs, Avdelingsleiar, 901 75 377
Arbeidsstad
Borgundgavlen 52
6015 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4894054156
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 6
- Sted
- Borgundgavlen 52, 6015 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 384586853
- Sist endret
- 11. des. 2024 12:28