Rådgjevar
- Arbeidsgiver
- Kommunedirektøren sin stab, Haram kommune
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spannande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet, i kommunen som rådgjevar i informasjonssikkerheit og KI. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er fagleg leia av seniorrådgjevar.
Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling der vi i framtida, mellom anna, må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye felt og fagområde. Som utviklar og forvaltar av store verdiar må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert det dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og loverk på området.
Ein har eit nært samarbeid med e-kommune sunnmøre som driftar IT-systema til kommunen. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilrettelegge og gje faglege råd i beslutningsprosessar. Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Arbeid relatert til IT-sikkerheit og personvern, til dømes:
- Prosedyrer og rutiner for informasjonssikkerheit og personvern
- ROS og DPIA (Data Protection Impact Assessment)- analyser
- Beredskap informasjonssikkerheit og personvern
- Gjennomgang av nye databehandlaravtalar og oppfølging og kontroll på eksisterande avtalar
- Behandlingsprotokollar iht GDPR artikkel 6
- Oppfølging av informasjonssikkerheitskampanjar og andre bevisstgjering- og opplæringstiltak.
Systemadministratorroller i relevante system, til dømes:
- System knytt til informasjonssikkerheit og personvern
- System knytt til opplæring
- System knytt til kvalitetsstyring
Oppgåver knytt til dokumentering, organisasjonsutvikling og prosjekt.
Andre oppgåver innan kommunedirektøren sin stab, kan kome til.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan informasjons- og datateknologi (IT), helst på masternivå.
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Erfaring med eit eller fleire av desse temaene er ein fordel:
- Kunstig intelligens (KI)
- Informasjonssikkerheit og personvern
- Digitale innovasjonsprosessar og systemarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er modig, grundig og har evnen til å meistre høgt arbeidspress og komplekse arbeidsoppgåver.
- Du har god system- og rolleforståing, og har gode problemløysarevne.
- Du er god til å planlegge og er resultatorientert.
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evnen til å skape tillit.
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasislitetar på tenestehuset i Brattvåg
- Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar
- IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning.
Kontaktinformasjon
Iren Anette Hatlehol, Seniorrådgjevar, iren.anette.hatlehol@haram.kommune.noPetter Sortevik, Stabssjef, 95479474, Petter.Sortevik@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4892319511
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 40, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, IT utvikling / IT-sikkerhet, Prosjektledelse
- FINN-kode
- 384824915
- Sist endret
- 13. des. 2024 07:24