Pollhaugen

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Stillingstittel
20% fast helgestilling
Frist
27.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om avdelinga

Pollhaugen er bustadkompleks med 9 personar som bur i eigne bustadar. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.

Pollhaugen (Foldnes) ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter. Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp
  • Dokumentasjon i fagjournal

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev som helsefagarbeidar, men andre søkjarar vil også bli vurdert.
  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå brukargruppa
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Evne til samarbeid, men også kunne jobbe sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til nytenking og utvikling av tenesta
  • Engasjert i fagleg utvikling, og interesse for brukargruppa
  • Evne til å byggje relasjonar

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Anna:

  • 4. kvar helg med lange vakter inntil 13,5 timar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Ein gjevande og meiningsfull jobb
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Fredrik Degerman, Avdelingsleiar Pollhaugen, mobil 488 60 948 
Kristin Straume, Eningsleiar MMNF mobil 997 99 526

Anna:

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :  
  • 1. studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn
  • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
  • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
  • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
384877562
Sist endret
16. des. 2024 07:31