Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

  • Kirurgisk klinikk, Urologisk avdeling post 2
  • Medisinsk klinikk, Seksjon for nyresjukdommar - Medisin 1 Nord, Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisin 5 vest, Seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 Nord
  • Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling
  • Klinikk for hovud/hals, Hovud/hals og augeavdelinga, Øyre-nase-hals poliklinikk
  • Augeavdelinga, Poliklinikk og operasjon dagkirurgi
  • Hudavdelinga, Hud og revmatologisk sengepost

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.


Arbeidsoppgåver

Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Med to fagfelt er det mykje spennande å lære hos oss, så vi skal gi deg god opplæring.
Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir Tlf. 55970011.

Seksjon for nyresjukdommar, Medisin 1 Nord er ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdommar som kronisk og akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, pyelonefritt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes, elektrolyttforstyrringar, stoffskiftesjukdommar, samt vanlege indremedisinske sjukdommar. Vi har ledig 100% fast stilling i 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. Erfaring frå nyremedisin eller endokrinologi er ønskeleg.     
Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf. 5597361.

Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisin 5 vest behandlar primært infeksjonssjukdommar. Dei vanlegaste diagnosane er: pneumoni, UVI, erysipelas, endokarditt, sårinfeksjonar, importsjukdommar og tuberkulose. Pasientar med smittsam lungetuberkulose blir isolert på eit av postens to undertrykksisolat. Posten har også kritisk sjuke pasientar med sepsis som har behov for overvaking. I tillegg har posten ein del pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar. Ved posten jobbar engasjerte overlegar, legar i spesialisering, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt studentar frå ulike faggrupper. 
Kontakt: Hege Cecilie Sørby, Tlf. 55973703/98662422.

Seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 Nord  behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Seksjonen har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025 og treng treng fleire medarbeidarar. Vi er ein seksjon under utvikling med mange moglegheiter for nye utfordringar og spennande oppgåver. Vi søker fleire dedikerte og faglege dyktige sjukepleiarar til vår seksjon. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Vi ønsker deg som vil vere med på å gi våre pasientar den beste omsorgen.
Kontakt: Ina Kobbeltvedt Endregaard, Tlf. 99498863.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg, både for vaksne og barn. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom.
Nevrokirurgisk avdeling har 16 senger på sengepost og 9 senger på vår overvakingseining (NOVA). Sjukepleiarar på avdelinga blir venta, etter opplæring, å kunne jobbe både på NOVA og ute i avdelinga i ei rotasjonsordning. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeid fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit svært godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Nevrokirurgisk avdeling søker sjukepleiarar som trivst med å jobbe i tredelt turnus i ei hektisk og pulserande avdeling, og som vil gje god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar.
Kontakt: Malene Alsaker, Tlf. 45458204.

Hovud/hals og augeavdelinga har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ein kirurgisk sengepost og høyrer til Klinikk for hovud/hals. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Klinikken har regionalt behandlingsansvar for kreft i hovud-hals i samarbeid med Kreftavdelinga. Hovud/hals/augeavdelinga er ei spennande avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasientar på sjukehuset. I avdelinga er arbeidsoppgåvene organiserte etter «gruppesjukepleie»-prinsippet.
Hos oss får du god erfaring innan fagfelta hovud-hals, øyre, nase, biholer, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver. I samarbeid med fagsjukepleiar legg vi til rette for god opplæring og sørger for at sjekklister, kompetanseplanar og faglege retningslinjer er oppdaterte. Personalgruppa består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og postsekretær. Avdelinga har også stillingar for traineesjukepleiar og traineehelsefagarbeidar. Vi sørger for opplæring og praksis for sjukepleiestudentar og helsefagarbeidarlærlingar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamsamarbeid i avdelinga. Klinikken har fleire årlege HMS-dagar i godt samarbeid med verneomboda våre.
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509/98423714.

Øyre-nase-hals poliklinikk har ein ledig stilling i kombinasjon 80% poliklinikk og  20% hovud/hals/auge sengepost. Vi ein aktiv poliklinikk som behandlar både elektive og ØH pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleie-konsultasjonar. Vi har og ein del småkirurgi ved poliklinikken. Søkarar må kunne jobbe i team, kunne snu seg raskt, takla ein travel kvardag og sjå framover. Vil vil legge vekt på at søkar har personlege eigenskapar som passar for stillinga. Søkarar må ha erfaring frå øyre-nase-hals.          
Kontakt: Marius Pallesen, Tlf. 55970934.

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har stor breidde i vår verksemd og tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling, i tillegg til øyeblikkelig hjelp til pasientar med augelidingar. Til Augebygget kjem pasientar for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling. Augeavdelinga greier ut og behandlar augelidingar hos barn og vaksne. Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste innan behandling av kreft i auget. Avdelinga har stor breidde i si verksemd; både medisinsk og kirurgisk behandling. Avdelinga er og involvert i forskingsprosjekt i både inn- og utland. Arbeidstid på dagtid. Du må vere villig til å bidra ved hele augeavdelinga.
Kontakt: Elisabeth Thunstrøm, Tlf. 97155343 / Anita Bjørø Soriano Tlf. 95254596.

Hud og Revmatologisk sengepost er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdomar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar. Det er både elektiv verksemd og øyeblikkelig hjelp. Sengeposten disponerer 15 sengeplassar i vekedagane, og 10 i helgane. Vi held til i Hudbygget på Haukelandsområdet.
Kontakt: Hud og revmatologisk sengepost: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf 55973944.

Du må: 

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg: 

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillingane

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4895567578

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
384882532
Sist endret
18. des. 2024 06:42