Tilsetting - Helsehuset Stella Maris - Sjukepleiar fast
- Arbeidsgiver
- Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris
- Stillingstittel
- Sjukepleiar med eller utan langvakter
- Frist
- 08.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillingstype
Det er ledig 2 stk 100 % stilling for sjukepleiar ved Stella Maris. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Det er også ledig 1 stk 100 % stilling for sjukepleiar ved Stella Maris. Stillinga er i turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg
Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiingsansvar
- ivareta krav i høve dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- gode datakunskapar, gjerne kjenskap til Helseplattformen
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha gode kommunikasjonsevnar
Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og bidra til det gode arbeidsmiljøet vårt
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna, og har gode referansar
Vi tilbyr
- godt og stabilt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved Helsehuset Stella Maris som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 578 600.-
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Oppgi referanser. Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Brugata 6, 6390 Vestnes
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385617621
- Sist endret
- 19. des. 2024 12:02