Saksbehandlar ved tildelingskontoret

Arbeidsgiver
Giske kommune
Stillingstittel
Saksbehandlar ved tildelingskontoret
Frist
10.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert og fleksibel person med ønske om å levere gode og bærekraftige tenester til innbyggarane i Giske kommune? Har du interesse for tenestetildeling og tenesteutvikling? Då kan du vere den vi ser etter.

Giske kommune søker etter saksbehandler i 100 % fast stilling ved tildelingskontoret. Oppstart 01.02.25. Tildelingskontoret er organisert under eining Samhandling og koordinering i kommunedirektøren sin stab.  

Tildelingskontoret behandler søknader og fattar vedtak om helse- og omsorgstenester, og har også medansvar for pasientflyten i kommunen. Heilheitleg tenking, førebygging og tidleg innsats er viktige stikkord for det arbeidet og dei vurderingane som blir gjort. Vi ønsker å bidra til at kommunen sine innbyggarar i størst mogleg grad blir sjølvhjulpne og kan bu heime lengst mogleg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling av søknader om helse- og omsorgstenester til heile aldersspennet, men med eit ekstra ansvar inn mot barn og unge
  • Rettleiing av brukarar, pårørande og tilsette.
  • Samarbeid med blant anna spesialisthelsetenesten, kommunehelsetenesten, fastlegar, innbyggarar, søkarar og pårørande.
  • Aktiv deltaking i teamarbeid på tvers av fag- og oppgåveområder
  • Koordinering av pasientflyt internt i kommunen og mellom kommunen og helseforetak

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskule- og/eller universitetsutdanning innan helse- og sosialfag
  • Erfaring frå saksbehandling av helse- og omsorgstenester og offentleg forvalting
  • Det er ein fordel med vidareutdanning i helserett, eventuelt må du vere innstilt på å ta utdanninga etter tilsetting
  • God digital kompetanse
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunnskap om relevant lovverk og kommunale tenester
  • Må ha førarkort klasse B
  • Du må ha interesse for å jobbe med gode digitale løysingar som kan vere med på å utvikle tenestene våre

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet
  • Engasjert og positiv
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og systematisk
  • Sjå samanheng og heilskap
  • Nytenkande og trygg i arbeid med utvikling av nye bærekraftige tenester

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og kollegaer med god kompetanse og erfaring
  • Godt tverrfagleg samarbeid i ein utviklingsorientert kommune
  • Fleksitidordning
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP

Synes du dette høyrest interessant ut? Ta kontakt for utfyllande informasjon om stillinga.

Kontaktinformasjon

Merethe Kristin Våge, Stabsleiar, +47 90080293

Arbeidsstad

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune


Referansenr.: 4898261738

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Helsepersonell, Rådgivning
FINN-kode
385723356
Sist endret
20. des. 2024 08:11