Vikariat
- Arbeidsgiver
- Biblioteka i Haram, Haram kommune
- Stillingstittel
- Vikariat
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Haramsbiblioteka søker etter vikar i 38,66 % stilling januar-juni 2025.
Haramsbiblioteka består av Brattvåg bibliotek, Vatne bibliotek, Lepsøy bibliotek, Haramsøy bibliotek og Longva bibliotek.
Vi søker etter nokon som kan vere vikar på biblioteka våre. Vikariatet vil vare fram til sommaren. Det påreknast jobb på dagtid, ettermiddag/kveld og helg.
Haramsbiblioteka har seks tilsette. Alle tilsette utfører skrankearbeid, hjelper besøkande, følger opp bestillingar, utlån og innlevering. Alle hjelper også til ved planlegging og gjennomføring av arrangement. I tillegg kan andre oppgåver påreknast. Vi er omstillingsdyktige og opptekne av utvikling. Målet vårt er at biblioteka skal vere stader for folkeopplysning og livslang læring. Samtidig bidreg vi til å redusere einsemd og forskjellar i samfunnet ved å vere ein gratis møteplass for alle.
På Haramsbiblioteka møtast folk på tvers av alder, kjønn, utdanning, demografi og etnisitet. I tillegg til rettleiing, tilbyr vi innbyggarane ulike arrangement, som til dømes barnehage- og skulebesøk, forfattarbesøk, seniortreff og babytreff.
Haramsbiblioteka satsar på både det fysiske og det digitale biblioteket. Vikariatet kan difor innehalde arbeid med SoMe-kontoane til Haramsbiblioteka.
Dersom du er glad i både menneske og litteratur, har vi trua på at du er den rette søkaren.
Velkomen som søkar og velkomen til Haramsbiblioteka.
Arbeidsoppgåver
- Skrankearbeid
- Jobbe i biblioteksystemet Bibliofil – opplæring vil bli gitt
- Rydde og sette på plass bøker
- Rettleie besøkande, blant anna ved å finne rett bok til rett lesar, også med digital hjelp
- Bistå i planlegging og gjennomføring av arrangement
Andre arbeidsoppgåver kan førekome.
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med relevant utdanning og/eller erfaring
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
- Erfaring frå kundebehandling
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn
- Relevant erfaring frå arbeid ved bibliotek kan vege opp for formelle kvalifikasjonar
Det er ein fordel om søkar har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Kreativ
- Pedagogisk
- Kommunisere godt med alle typer menneske
- Hjelpsam og serviceinnstilt
- Balanse mellom å vere sjølvstendig og ha evne til godt samarbeid
- Eit blikk for oppgåver som må gjerast
Vi tilbyr
- Muligheit til å gjere ein forskjell i dei besøkande sine liv
- Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Eva Ulla Myren, Bibliotekleiar, 98897422, eva.ulla.myren@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4893912862
Stillingsprosent: 38,66%
Vikar
Søknadsfrist: 12.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Strandgata 40, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Annet, Undervisning og pedagogikk, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 385723692
- Sist endret
- 20. des. 2024 08:12