Sjukepleiar/Sjukepleiar med relevant vidareutdanning
- Arbeidsgiver
- DPS døgn Psykose, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Psykiatrisk klinikk har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning, for tida på DPS døgn Psykose.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde, Florø og Tronvik.
DPS døgn Psykose har 8 døgnplassar og er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Startdato: Mars/April 2025. Varighet omlag 1 år grunna fødselspermisjon
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Gi psykiatrisk pleie og omsorg
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
- Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning
frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og
kompetanse
Kontaktinformasjon
Stephanie Levy, Seksjonsleiar, +47 993 78 985Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4898532357
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385776853
- Sist endret
- 23. des. 2024 07:11