Bu- og avlastingstenesta søkjer etter ferievikarar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Bu- og avlastingstenesta søkjer etter ferievikarar!
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Om stillinga

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommerdagane gode for brukarane våre.

Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til personar i alle aldre med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Eininga består av 5 bufelleskap, 5 bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Arbeidsstadane i eininga har ulike turnusar: nokon stader har dei kortvakter på dag og kveld, og/eller langvakter (inntil 14 timar), stundom kombinert med nattevakter, og nokon stader arbeider dei 2-3 døgnvakter med påfølgande 7 dagar fri. For alle stillingane vil det vere turnusarbeid med arbeid inntil kvar.2 helg i perioden. 

Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. Det vil bli laget turnusar med arbeid inntil 100% i perioden ein kan jobbe. Det vil også vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat. 


Vi tilbyr
  • Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!
  • Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø
  • Ferievikarkurs over 2 dagar med introduksjon til fagfeltet, innhold med tema som: utviklingshemming, tilrettelegging og arbeid i andres heim, etisk refleksjon, bruk av tvang og makt, seksuell helse, brannvern og førstehjelp mv.
  • Kommunen tilbyr eit nettbasert kurs om handtering av legemiddel for dei som treng dette på den plassen dei vert tilsett og ikkje har eit slikt kurs frå før. Dette kurset må ein fullføre og bestå før ein tek til i stillinga. 
  • Du vil få intern opplæring på arbeidsstaden.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet.

Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
  • Bidra til at brukar opplever å vere sjefen over sine dagar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov.
  • Journalføring og dokumentasjon.
  • Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar.

Kompetanse
  • Interesse for arbeid med mennesker med utviklingshemming.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa, men ikkje eit krav.
  • Personlig egnethet vektlegges høyt.
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norks skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Ynskjeleg med førarkort kl.B.

Kven er du?
  • Du er punktlig og til å stole på.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
  • Du er god på å samarbeide med andre.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
  • Du er fleksibel og gjør det som trengs.
  • Du er lojal mot felles beslutningar.
  • Du spør når det er noe du er usikker på.
  • Du har god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.

Anna informasjon
  • Du som søkjer må helst vere over 18 år.
  • Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande mellom veke 26 og 33
  • Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
20
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
389861648
Sist endret
20. jan. 2025 10:00