
Tilkallingsvikarar i Slidre kulturbarnehage
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarer i Slidre kulturbarnehage
- Frist
- 19.02.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Slidre kulturbarnehage har behov for vikarar som kan stille på kort varsel.
Det viser seg at Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og vi har difor utvida talet på avdelingar. Med utviding kjem det også eit behov for fleire tilsette, og i den anledning treng vi tilkallingsvikarar.
Slidre kulturbarnehage er no ein kommunal barnehage med 5 avdelingar. Barnehagane er fordelt på to bygg som ligg i nærleiken av kvarandre, sentralt plassert i byggefeltet rett opp for skulen og kommunesenteret i bygda. Vi har ei erfaren og stabil personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag.
Vi ser etter deg som er ein omsorgsfull og engasjert vaksen, ein som kan væra med på å bidra til ein god og meiningsfull kvardag for små og store.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa
- Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena
- Bidra til utvikling av det psykososiale miljøet, samt lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningsliner for barnehageverksemda
- Bidra til godt foreldre- og personalsamarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert om det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar
- Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg Må beherske PC som verktøy
Personlege eigenskapar
- Er ein fleksibel, aktiv og fagleg engasjert vaksen med evne til å begeistre
- Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping
- Er påliteleg, positiv og har gode samarbeidsevner- og vilje
- Har evne til refleksjon over – og utvikling av - eigen praksis, i lag med resten av fagmiljøet
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Politiattest må bli levert før oppstart.
Vi tilbyr
- Ein allsidig og spennande jobb!
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av
gjeldande lover, reglement og tariffavtalar - Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Kristin Bråten Tvenge, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.noKarin Årnes Midthus, Assisterande Styrar, 90264433, Karin.Arnes.Midthus@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4909949504
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.02.2025
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Annet
- FINN-kode
- 390290804
- Sist endret
- 04. feb. 2025 07:57
Mer som dette



