Museumsvert i Haugesenteret
- Arbeidsgiver
- Haugesenteret
- Stillingstittel
- Museumsvert
- Frist
- 28.02.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Er du glad i å møta nye menneske og få gjester til å kjenna seg velkomen? Likar du å organisera og å halda orden? Haugesenteret i Ulvik ser etter fleksible og allsidige museumsvertar som vil skapa gode opplevingar for gjestene våre gjennom sommarsesongen. Kanskje er det nett deg vi leitar etter?
Hva vi ser etter
Er du glad i å møta nye menneske og få gjester til å kjenna seg velkomen? Likar du å organisera og å halda orden? Haugesenteret i Ulvik ser etter fleksible og allsidige museumsvertar som vil skapa gode opplevingar for gjestene våre gjennom sommarsesongen. Du må lika å formidla informasjon og kunnskap til våre gjester, halda god orden og bør helst ha røynsle frå liknande arbeid. Interesse for lyrikk og litteratur vil gjera arbeidet ekstra spennande.
Du må vere stødig i engelsk, og kan du fleire språk er det ein bonus.
Du som søkjer bør helst vera over 18 år.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene som museumsvert inneber å ta imot publikum, halda omvisingar i utstillinga om Olav H. Hauge sitt liv og arbeid, og ekspedera i museumsbutikken. Du må lika å formidla informasjon og kunnskap til våre gjester, halda god orden og bør helst ha røynsle frå liknande arbeid. Interesse for lyrikk og litteratur vil gjera arbeidet ekstra spennande.
Sommarvikarperioden er 4 veker i fellesferien, og helgevakter i perioden 3. mai til 30. august. Vaktplanen blir fordelt på to museumsvertar og høver difor godt for studentar og deltidstilsette.
Haugesenteret er ein av tre arenaer under Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Arenaen er eit nasjonalt senter for lyrikk med utgangspunkt i den lokale diktaren Olav H. Hauge. Me har som mål å vera ein viktig møtestad for lokalbefolkninga, så vel som eit attraktivt reisemål for turistar.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi tilbyr
Alle vertar vil få god opplæring. Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Du må vere stødig i engelsk, og kan du fleire språk er det ein bonus.
Du som søkjer bør helst vera over 18 år. Løn etter lokalt lønssystem.
Behandling av personopplysningar i samband med rekruttering
Søkarar på stillingar i Nynorsk kultursentrum sender søknad, cv og personopplysningar til e-postadressa stilling@nynorsk.no. Det er berre ein person i organisasjonen som har tilgang til denne og behandlar opplysningane som kjem inn der.
Når søknadsfristen er ute blir det laga ei søkarliste med følgjande informasjon om kvar kandidat til stillinga: Namn, bustadkommune, fødselsår, noverande arbeidsstad og høgaste utdanning. Desse opplysningane blir lagra etter at tilsetjingsprosessen er over. All anna personinformasjon, som søknad, cv, kontaktdata blir sletta etter at tilsetjinga er gjennomført.
Nynorsk kultursentrum har offentlege søkarlister. Om du ikkje skal stå på den, må du be om unntak i søknaden, og få det innvilga frå administrasjonen. Dei offentlege søkarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.
Det blir utnemnd eit tilsetjingsutval med inntil tre personar for kvar tilsetjing. Den som har personalansvaret for stillinga leiar dette utvalet. Utvalet har teieplikt om alt som kjem fram i tilsetjingsprosessen.
Nynorsk kultursentrum kartlegg ikkje og lagrar ikkje sensitive personopplysningar. Vi sender heller ikkje vidare noko informasjon om søkarar utan samtykke frå kandidaten.
Dine rettar etter personopplysningsloven
Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar opplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Promenaden 7, 5730 Ulvik
- Stillingsfunksjon
- Annet, Kundeservice, Butikkansatt
- FINN-kode
- 390909518
- Sist endret
- 27. jan. 2025 09:19