Lærarstilling ved Samnanger ungdomsskule
- Arbeidsgiver
- Samnanger kommune
- Stillingstittel
- Vikariat som kontaktlærar ved Samnanger ungdomsskule
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Samnanger ungdomsskule har ledig 100 % undervisningsstilling i vikariat som kontaktlærar eller eventuelt som faglærar i perioden 07.04.25 - 31.07.26. Stillinga kan bli forlenga og kan eventuelt bli fast stilling.
Fagønske: tysk, matematikk, engelsk, krle, kroppsøving (andre fag kan og verte aktuelle)
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag
- Kontaktlærar
- Samarbeid med kollegaer og føresette
- Aktiv deltaking i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid
- Ansvar for å følgje opp kvar einskild elev, kvart trinn og heile skulemiljøet
- Legge til rette for god tilpassing av undervisning slik at kvar einskild elev får godt utbyte av opplæringa
Kvalifikasjonar
Krav
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet
- Politiattest. jfr. opplæringslova § 10-9
- God nynorsk framstilling, munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Ønskjer
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du har ei praktisk tilnærming til fag og undervisning
- Du samarbeider og kommuniserer godt
Personlege eigenskapar
- Du har fokus på eleven sitt beste
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
- Du er god på å skapa gode relasjonar
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i undervisningsstilling i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i SPK si pensjonsordning. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon og etterlattepensjon.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Samnanger ungdomsskule er ein MOT-skule med omlag 100 elevar. Skulen har nydeleg utsikt og kort veg ut i naturen. Me har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål. Me ynskje å sjå engasjerte elevar og kollegaer i praksis. Skulen vår er i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.
Nøkkelord: Tett samarbeid heim-skule, vår skule, våre elevar
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tyssereinane 16, 5650 Tysse
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 391262639
- Sist endret
- 30. jan. 2025 06:42
Mer som dette

