
Helsefagarbeidar/assistent i Geiranger
- Arbeidsgiver
- Geiranger distrikt, Stranda kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/assistent 64,55% + 25% fast stilling
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.
Geiranger omsorgssenter har ledig
- 64,55% fast stilling som helsefagarbeidar/assistent på natt frå 01.03.25
- 25% fast stilling som assistent frå 01.05.25
Vi er fleksible i høve til stillingsstorleik og ber om at søkjarane opplyser kor stor stilling dei ynskjer og at det går klart fram av søknaden kva stilling(ar) den gjeld.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og hjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
- Dokumentasjon
- Kjøkkenarbeid og reinhald
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
- Vi vil gjerne ha søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeiar, men søkjarar med anna utdanning og/eller praksis kan også få fast tilsetting
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Omsorgsfull
- Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
- Positiv og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
- Like utfordringar
- Interesse for faget
Vi tilbyr
- God opplæring
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Innhaldsrike arbeidsdagar
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Jane Petrin Solheimsnes, Kommunalsjef, +47 46411003Arbeidsstad
Maråkvegen 546216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4909265754
Stillingsprosent: 64,55, 25%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Maråkvegen 54, 6216 Geiranger
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 391341124
- Sist endret
- 19. feb. 2025 06:13
Mer som dette



Kom med på laget! Vi søkjer helsefagarbedar 75 % og 100% på somatisk langtidsavdeling!

