
Sommarvikarar 2025
- Arbeidsgiver
- Statsforvaltaren i Vestland
- Stillingstittel
- Sommarvikarar 2025
- Frist
- 23.02.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Er du student og ønskjer sommarjobb i ei verksemd som løyser viktige samfunnsoppdrag? Vi har sommarjobbar innan ulike fagområde til kontorstadene Leikanger og Bergen. Eksempel på arbeidsoppgåver er mellom anna sakshandsaming, kontroll av verjerekneskap, oppgåver innan miljøinformasjon og andre kontoroppgåver.
Ved kontorstaden Bergen har du tilgang til alt det Bergen by har å by på. Ved kontorstad Leikanger får du tilbod om sosialisering utanom arbeidstid ved å vere ein del av "Sognacamp" i sommar. Les meir om dette her: Kva er Sognacamp? — Sognacamp
Arbeidsoppgåver innan fagområda
- helse, sosial og barnevern
- justis og byggesak
- forureining og naturmangfald
- tilsyn og forvaltning på utdanningsområdet
- verjemål
Vi ønskjer studentar som
- har studert rettsvitskap, gjerne med fullført bachelor eller påbegynt master
- har naturvitskapleg utdanning eller relevant høgare teknisk utdanning
- har helsefagleg utdanning
- har økonomiutdanning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- kan kommunisere godt, både munnleg og skriftleg
- er fleksibel
- jobbar sjølvstendig og er nøyaktig i arbeidet
- blir engasjert av fagområda våre
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krav som er sett i utlysinga.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Stillingsfunksjon
- Annet, Jurist, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 391491633
- Sist endret
- 07. feb. 2025 02:55
Mer som dette
