Ledige stillinger for helsesekretærer, sekretærer og medisinerstudenter
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Helsesekretær, sekretær og medisinerstudent
- Frist
- 19.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ser etter deg som set pasienten i fokus, som trivast med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.
Sommaroppdraga varar normalt 4-8 veker og typiske oppdrag vil vere i ekspedisjon, poliklinikk og på sengepost. Behovet er størst i veke 25-33, skriv i søknaden kva veker du kan jobbe. Kandidatatar som kan jobbe samanhengande vil bli prioritert. Ved behov kan det vere aktuelt med oppdrag før/etter sommaren 2025. Oppdraga vil vere ved somatiske einingar knytt til Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus.
Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Arbeidsoppgåver
Følgande avdelingar har behov for ferievikarar:
Lungeavdelinga, sengepost 1 og 3 er blant dei største lungemedisinske einingane i Norge og er leiande innen pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin.
Kontorenheten består av 14 kompetente medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi jobbar tett opp mot sjukepleiarar, legar og andre medarbeidarar på Lungeavdelinga slik at vi saman får til gode pasientforløp og god koordinering. Vi er involvert i mange prosessar men vårt kjerneområde er innanfor det administrative, med særlig fokus på god samhandling internt og å yte best mogelig service til våre pasientar.
Nevrokirurgisk avdeling har hovudansvaret for nevrokirurgisk verksemd i Helseregion Vest. Vi greier ut og behandlar alle nevrokirurgiske tilstandar, og vi har landsfunksjon i gammaknivbehandling og vestibularischwannom. I tillegg til pasientbehandling driv sjukehuset med spennande forskingsaktivitetar. Nevrokirurgisk avdeling har 25 sengeplassar, kor 9 plassar er knytt til ein eigen overvakingseining. Avdelinga har merkantile medarbeidarar som utfører pasientadministrativt arbeid i ekspedisjon og på sengepost. Vi har fokus på høg kvalitet, service og pasientsikkerheit i tenestene våre.
Hovud-hals og auge sengepost er ein sengepost med døgndrift for 27 senger, med både medisinsk og kirurgisk behandling av pasientane.
Vi behandlar pasientar innan fagfelta øyre-nase-hals, kjeve og auge, og pasientar med kreft i hovud/hals.
Kreftklinikken, Seksjon for kontor har 25 sekretærar i poliklinikk, sengepostar og strålebehandling. Vi jobbar óg med koding og kvalitetssikring av registreringar i vårt journalsystem. I sommar treng vi hjelp til å bemanne resepsjonen i poliklinikken vår, og til å svare telefonar frå pasientar, pårørande og andre som ringer oss.
Kirurgisk klinikk har 3 poliklinikkar i sentralblokken på Haukeland universitetssjukehus. I ekspedisjonen vår ønskjer vi å ta imot alle våre pasientar og rettleie dei til å få eit godt første møte med oss. I sommer trenger vi ein sekretær til å gjere nettopp dette. Pasientane våre er i hovudsak kreftpasientar, men vi har og andre kirurgiske pasientar med benigne diagnosar. Du må være utdanna medisinsk sekretær eller helsesekretær for å utføre jobben hos oss. Du vil få god opplæring.
Kirurgisk Klinikk Bryst/endo poliklinikk
Kirurgisk post 2 urologi/bryst-endokrinkrirugi er en stor og levende sengepost med høy inn- og utstrøm av pasienter daglig.
Vi har hovedsakelig kreftkirurgi, men også ØH-kirurgi og innleggelser. Aktviteten vår er ca 50 % ØH og 50 % elektivt.
Vi har et dynamisk og aktivt arbeidsmiljø som baserer seg på at "ingen spørsmål er dumme" - her er vi åpen med hverandre og arbeider teambasert på alle nivå.
Voss sjukehus, Kirurgisk avdeling, er lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar. Vi har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi, og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapiavdeling og laboratorium. Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset.
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus ivaretar barn og unge med kutte og kroniske sjukdommer til dei er 18 år. BUK er regionsjukehus på Vestlandet og er leiande i behandling av barnesjukdomar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling, og ivaretar både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri.
Du kan lese meir om dei ulike einingane her.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene kan varierer frå avdeling til avdeling
- Koordinering og planlegging
- Administrative oppgåver i Dips
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kolleger
Kvalifikasjonar:
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær eller medisinarstudent. Andre helsefagstudenter med relevant erfaring kan og søke
- Relevant sjukehuserfaring
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (Dips) er ein stor fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- God på samarbeid
- Nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Fleksibel og har evne til å ta utfordringar
Vi tilbyr:
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Følgande avdelingar har behov for sekretær i fast stilling:
Kirurgisk serviceklinikk, Intensiv- og postoperativ avdeling (IPA)
Har du lyst på ein jobb som gir deg teknologiske, logistiske og allsidige arbeidsoppgåver i tillegg til gode kollegaer?
Ved IPA er det ledig ein 100% stilling som merkantil. Stillingen vil vere delt mellom Thoraxkirurgisk intensiv og oppvåkningseksjon (TIO) og postoperativ avdeling i glasblokkene, POGB, 50/50. Stillingen vil vere på dagtid, med arbeidstid frå kl 07.30-15.30 mandag til fredag.
Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretek hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO.
Postoperativ Glasblokkene (POGB) er lokalisert over to etasjar. Vi overvakar og behandlar pasientar etter obstetrisk og gynekologisk kirurgi, endokrinkirurgi og augekirurgi. I april 2024 utvida vi drifta til postoperativ overvaking etter barnekirurgi.
Vi ser etter deg som er over middels glad i data og som ikkje har problemar med å sette seg inn i nye dataprogrammar og systemar. I tillegg ønsker vi oss ein person som vi kan lære opp til å bli god i å skrive årsturnus ved TIO. Og at du i tillegg anser deg som ein person som det er lett å samarbeide med og har eit godt humør.
Du vil bli en del av to avdelingar, kor du kjem til å samhandle med ledelse og personell frå begge avdelingane.
Du kan lese meir om Kirurgisk serviceklinikk her.
Arbeidsoppgåver:
- Turnusplanlegging
- Bemanning dag til dag og langsiktig
- Varebestilling
- Lagerarbeid
- Holde det trivelig i fellesareal og løse forefallende oppgaver
Kvalifikasjonar:
- Gode generelle IKT kunnskaper. Må kunna bruka microsoft 365 (Word, Exel, powerpoint outlook og Teams)
- Har lett for å sette deg inn i nye datasystem. Du vil bli lært opp i GAT og Libra
- Fordel med kjennskap til arbeidsmiljølova i forhold til turnusarbeid, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig
- Løsningsorientert
- Gode samarbeidsevnar
- Gode kommunikasjonsevnar og gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
- Du må vera positiv, like samhandling med andre menneske, vera initiativrik og ha godt humør
- Du likar å arbeida med data, logistikk og organisering
- Du må kunna jobba systematisk og målretta
Vi tilbyr:
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Opplæring etter behov
- Eit triveleg arbeidsmiljø
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland universitetssjukehus ivaretar barn og unge med kutte og kroniske sjukdommer til dei er 18 år. BUK er regionsjukehus på Vestlandet og er leiande i behandling av barnesjukdomar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling, og ivaretar både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri.
Du kan lese meir om Barne- og ungdomsklinikken her.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon i Glassblokkene
- Barne og ungdomsmottaket
- Beinmergsutstryk og sending av materiale
- Besvare førespurnader på telefon og i resepsjon med profesjonalitet
- Planlegge og koordinere inntak av pasientar på ein effektiv og pasientvennleg måte
- Økonomisk oppgjer
- Bidra i arbeidet med å jobbe systematisk med pasientforløp, ventelister og arbeidsprosessar
- Bidra til at klinikken når sine mål for kvalitet
- Andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Helsesekretær
- Må ha gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå sjukehus
- Fordel med kjennskap frå Meona, DIPS Arena, Imatis, Pasientreiser og Tolkenett
- Det er ønskeleg med relevant erfaring innan koordinering, eller annan rolle kor samarbeid på tvers av avdelingar eller organisasjonar har vore ei del av arbeidet
- Gode IKT-kunnskapar
- Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredstillande politiattest jf. Lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
- Arbeider strukturert og målretta med evne til å prioritere
- Du er nysgjerrig og endringsvillig
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du må vere punktleg, nøyaktig og strukturert
- Du må vere positiv og inkluderande, og bidra til det gode arbeidsmiljøet
- Trivast med mange og varierte oppgåver i ein hektisk kvardag
- Du held deg roleg i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Du er problemløysande og nytenkande
- Du tar ansvar der det trengs og er i høg grad fleksibel
Vi tilbyr:
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, +47 90740524Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4917025698
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 19.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 9
- Sted
- Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Sykepleier
- FINN-kode
- 392119885
- Sist endret
- 07. feb. 2025 01:21
Mer som dette

