Avdelingsingeniør/Fagbioingeniør ved Kreftgenomikk

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken / Kreftgenomikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingsingeniør/Fagbioingeniør
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kreftgenomikk er ein avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk og består to seksjonar; Blodgenomikk og Tumorgenomikk. Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom, DNA og RNA nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden. Helse Bergen HF er eit infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD) nivå 1 sjukehus hvor Kreftgenomikk har ei sentral rolle i utprøving, utvikling og innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin.

Avdelinga er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken som rapporterer direkte til klinikkdirektør. Kreftgenomikk samarbeider med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).

Vi har tre ledige stillingar. To stillingar ved Blodgenomikk som utfører genetisk diagnostikk av blodsjukdommar og ein ved Tumorgenomikk som utfører genetisk diagnostikk av solide svulstar. Blodprøvetaking kan inngå i stillinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg analytisk drift som kan omfatte prøvehandtering av fiksert formalinnstøypt materiale (FFPE), cytologisk materiale og ferskt materiale, nukleinsyre ekstraksjon, celledyrking, kromosomanalyse, FISH, kvantitativ PCR, sanger-sekvensering, fragment-analyse, smeltekurvsanalyse, genuttryksanalysar, neste generasjons sekvensering og dagleg vedlikehald av instrumenta
  • Fagansvar som innber ansvar for instrumentdrift, analytisk kvalitetskontroll, prosedyrer, vedlikehald og opplæring innanfor sitt fagområde
  • Ved behov bidra til utvikling av nye arbeidsrutinar og analysar samt oppdatering av eksisterande metodar
  • Halde seg fagleg oppdatert innan avdelingas fagspesifikke område og eige fagområde spesielt
  • Bidra i laboratoriets rutinar for blodprøvetaking

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha godkjend autorisasjon som bioingeniør eller minimum bachelor i molekylærbiolog/biokjemi/bioteknologi/genteknologi, samt relevant arbeidserfaring 
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå genetisk arbeid og molekylærbiologiske teknikkar
  • Det vil og vere ein fordel å ha kjennskap til avdelingas analysemetodar, samt programvare som nyttast ved avdelinga
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg  

Personlege eigenskapar

  • Stillinga føreset evne til sjølvstendig og nøyaktig arbeid og det vil bli lagt vekk på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging
  • Søkar må ha god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Kristin Dahl-Michelsen, Seksjonsleiar, 55977816

Hilde Mæland, Seksjonsleiar, 55973198

Randi Hovland, Avdelingssjef, +47 91376839, randi.hovland@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4913515736

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell
FINN-kode
392130641
Sist endret
05. feb. 2025 07:19