Fastlege, 100%                           Mellombels lege, 100%

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Eining helse. Tilsetjing fastlege, i inntil 200% frå snarast/etter avtale
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Gulen legekontor

Hovudkontoret til legane ligg i Eivindvik. Det er 3 legestillingar ved kontoret, som alle er organisert som fastlønsstillingar. Det er i tillegg LIS1- lege. Kontoret har koordinator og legesekretærar som støttepersonell. Kjenneteikn ved arbeidsmiljøet er; godt humør, godt samarbeid, ein trygg arbeidskvardag med høve til faglege diskusjonar og rettleiing.


Sjå filmsnutt frå fastlege i Gulen kommune. 

.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=nqrtub05bIw
Om stillingane 

Gulen kommune lyser etter: 

  • 100% fast stilling som fastlege frå snarast/etter avtale
  • 100% mellombels stilling som fastlege frå snarast/etter avtale til august 2025, med moglegheit for forlenging. 

Arbeidsoppgåver 
  • Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Fastlegelistene har for tida eit tak på 850 pasientar. Rammene til legane gjer høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.  
  • Kommunen inngår i Nordhordaland legevaktdistrikt på ettermiddag/natt og helg. Den nye fastlegen må rekne med å delta i legevakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom dei tre legane. Dersom det lar seg gjennomføre for drifta, tilrettelegger kommunen for tilpassing av arbeidsdag når lege har legevakt i Knarvik. 

Kvalifikasjonskrav 
  • Spesialist i allmennmedisin, eventuelt ALIS. Kommunen kan tilby ALIS-forløp om dette ikkje er starta (dette gjeld kun den faste stillinga).  
  • For mellombels stilling ynskjer ein også spesialist i allmennmedisin. Kan vurdere søkjar med gjennomført LIS1, eventuelt lege med lisens.
  • Ynskjeleg med lege med vaktkompetanse
  • Må kunne jobbe sjølvstendig 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 
  • Sidan legetenesta i Gulen kommune er eit relativt lite legekontor med ein travel og spennande arbeidskvardag, er det viktig at legane er stabile og kan bidra i arbeidsfellesskapet ved å vere sjølvstendig, pliktoppfyllande og yte tenester av god fagleg kvalitet.
  • Legane må også vere fleksibel og kommunisere/samarbeide godt med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det vert stilt krav om at legane kommuniserer svært godt på norsk - både munnleg og skriftleg. Legen må ha bestått norskprøve på B2- nivå.  
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
392132313
Sist endret
04. feb. 2025 02:43