Helsefagarbeidar på Samnangerheimen og i heimetenesta

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Me søkjer etter helsefagarbeidar til to faste stillingar. Pleie og omsorg har integrerte tenester og du vil arbeide både på Samnangerheimen og i heimetenesta. Stillinga er i turnus med arbeidshelg kvar 4. helg. Langvakter kvar 6. helg er også ei moglegheit om ønskjeleg. 

For å kunna møta dagens og framtidas utfordringar, treng me dyktige og engasjerte medarbeidarar med hjarta for eldreomsorg.

Eining for pleie og omsorg er den største eininga i kommunen og ansvarsområda til eininga er mellom anna sjukeheim, heimesjukepleie, praktisk bistand i heimen,  rus og psykisk helse, bufellesskap for funksjonshemma og dagsenter. 

Pleie og omsorg yter helsehjelp til innbyggjarane etter lov om kommunal helse - og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte og me ynskjer å gje eit godt tilbod til pasientar på Samnangerheimen og til heimebuande, med høg fokus på kompetanse og forsvarlegheit. Me har stort fokus på tidleg oppdaging og gjenkjenning av forverra tilstand og iverksetjing av tiltak, som sikrar ein god og forsvarleg pasientbehandling. Heimetenesta jobbar målretta for at pasientane skal få bu og virka i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Heimetenesta utfører ulike prosedyrar i eigen heim og legger til rette for at pasientane kan væra heime i sluttfasen. Me jobbar kontinuerleg med velferdsteknologi og set inn teknologi der det er naudsynt. Fagdekninga er stor og kompetansen høg med flotte dyktige tilsette. Me har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er viktig. 

Samnangerheimen er ein sjukeheim med 25 plassar og har høgt fokus på fag og utvikling til det beste for pasientane. Me har pasientar på lang og kortidsplassar, og tilbyr blant anna utredning, behandling, rehablilitering, avlastning, lindrande- og palliativ behandling. Samnangerheimen har eige produksjonskjøkken, samt avdelingskjøkken som gjer oss fleksible og skaper gode måltidssituasjonar. Me har stort fokus på ernæring både for pasientane på Samnangerheimen og til heimebuande. Pleie og omsorg har varierte og spennande oppgåver  og saman med gode kollega får du utvikla faget og i stor grad ha påverknad på eige fagmiljø som igjen skapar engasjement og arbeidsglede blant tilsette. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollega. Du vil få opplæring og høve til utvikling innan ulike fagfelt.


Arbeidsoppgåver
  • Utføre pleie og omsorgsoppgaver
  • Sikre pasientens individuelle behov
  • Utføre arbeidsoppgaver i tråd med vedtak, og gjennomføre oppdrag i henhold til tildelt arbeidsliste 
  • Delta i direkte tenesteyting mot brukarar 
  • Delta i daglege gjeremål i eininga og andre delegerte arbeidsoppgåver frå leiar 
  • Utføra sjølvstendige og delegerte oppgåver 
  • Bidra til godt arbeidsmiljø
  • Ta ansvar for eiga fagleg og personelg utvikling 
  • Jobba målretta for å gje pasientane og deira pårørande ein tryggleik og ein fagleg kvalitet som speglar ein verdig alderdom  
  • Dokumentere i henhold til lov og forskrift 

Kvalifikasjonar

Krav

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Fleksibel og endringsdyktig 
  • Gode ferdigheitar innan bruk av IKT-verktøy 
  • Søkjar må ha førarkort 
  • Me gjer merksam på at du må legge fram politiattest

Ønskjer

  • Erfaring innan eldre omsorg og demens

Personlege eigenskapar
  • Du er raus, utviser tolmod og er reflektert i din omgang med brukarar, pårørande og kollegaer 
  • Du er positiv, noko både kollegaer og pasienter merkar seg 
  • Du må være ansvarsbevisst og sjølvstendig 
  • Du samarbeider godt, og bidrar til godt arbeidsmiljø 
  • Du trives i eit aktivt og til tider travelt miljø og likar utfordring 
  • Du er oppteken av å halde deg fagleg oppdatert 
  • Du er ryddig og strukturert 
  • Du er oppteken av å vere ein god kollega og roser gjerne andre på din veg 
  • Du har høg ansvarskjensle og gjennomfører godt det du skal 
  • Du må kunna samarbeida med kollegaer med ulik yrkesbakgrunn 
  • Personlig egnaheit vil bli vektlagt

Me tilbyr
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Arbeid kvar 4. helg eller langvakter kvar 6. helg
  • Årsturnus 
  • Kontaktperson/fadder ved oppstart
  • God oppfølging og rettleiing 
  • Utfordrande og varierte oppgåver 
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Tyssevegen 94, 5650 Tysse
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
392152393
Sist endret
05. feb. 2025 07:31