Barneverntenesta

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Barneverntenesta
Stillingstittel
Avdelingsleiar 100% fast
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei stilling som avdelingsleiar i barnevernstenesta, for tida med ansvar for undersøkingsarbeid

Vi søkjer etter ein trygg og erfaren leiar som trivst i leiarrolla og som har solid barnevernfagleg forståing. Du anerkjenner betydninga av kontaktpersonar som organisasjonen sin viktigaste ressurs, og du motiverer, støttar og legg til rette for at kvar enkelt medarbeidar får utnytta sitt potensial i møte med strenge lovkrav og krevjande faglege vurderingar. Om du brenn for å sikre ein trygg forvaltning i menneskemøter, og samtidig verdset betydninga av gode rutinar og tverrfagleg samarbeid med fokus på kva vi kan bidra med heller enn kva andre kan gjere annleis, er dette ei stilling for deg.

For barnevernstenesta er nytenking og kontinuerleg utvikling sentralt. Dette skal speglast i det kvalitetsmessige arbeidet. Vi ser stor verdi i individuell tilpassing i utøvinga av vårt samfunnsansvar, og vi ønskjer å vere ein god samarbeidspartner der fleire instansar samarbeider og deler ansvar i møte med sårbare familiar. Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child», har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen vektlegg samarbeid, systematikk og skreddarsydde løysingar med barnet sitt behov i sentrum. Vi ønskjer at dette tankesettet skal prege tenesta sitt arbeid med bekymringsmeldingar og undersøkingar både på individ- og systemnivå.

Barnevernstenesta legg stor vekt på eit fagleg sterkt miljø, der vi leverer gode, kvalitative tenester til barn og familiar i ei lærande organisasjon. Vi vil vere stolte av det arbeidet vi gjer og vår grunnleggande haldning er at barn og familiar er ekspertar på sine eigne liv – barn skal bli høyrt, og deira meining skal kome tydeleg fram i alle prosessar. Stillinga krev eit brennande engasjement for forvaltning og implementering då leiarrolla vil ha eit utvida ansvar for å implementere, forankre og følgje opp nye faglege rutinar for mottak og undersøking i barnevernstenesta.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for å leie undersøkingsarbeidet
  • Bidra i mottaksapparatet
  • Sikre forsvarleg saksbehandling og oppfølging av meldingar og undersøkingar
  • Sikre avdelinga sin forvaltningskompetanse; forsvarleg saksbehandling og dokumentasjonsplikt
  • Dagleg drift av avdelinga og med dette sikre at avdelinga arbeider i samsvar med lovkrav, faglege standardar og i tråd med tankesett frå Landsbymodellen
  • Styrke tenesta sitt samarbeid med samarbeidsinstansar
  • Inngå i tenesta sitt leiarteam
  • Delegert vedtaksmynde
  • HMS og personalansvar for avdelinga
  • Rapportering og internkontroll
  • Sikre brukarmedverknad.
  • Implementeringsarbeid av fagutviklingstiltak i tett samarbeid med avdelinga sin fagutviklar

Vi treng at du:

  • Har minimum 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning med etter-/vidareutdanning eller master.
  • Har leiarerfaring med personalansvar og ansvar for økonomi
  • Har erfaring frå mottak/undersøkingsarbeid
  • Har ein særleg god forståing for verdien av strukturert og målretta arbeid med rutinar i forvaltning og forsvarlege tenester
  • Er pådrivar for implementering av gode rutinar og arbeidsvanar som sikrar lov- og forvaltningskrav i menneskemøta
  • Er særleg opptatt av å spele andre god og fasilitere for at kontaktpersonar i team skal ha best mogleg føresetnader for å levere gode og forsvarlege tenester
  • Du bør ha erfaring med og god forståing for samanhengen mellom barnevernfagleg forvaltning og økonomi
  • Førarkort klasse B er ein nødvendigheit

Personlege eigenskapar:

Vi legger stor vekt på at du har personleg kompetanse som passar til leiarrolla og oppgåvene. I tillegg til integritet og gode samarbeidsevner ser vi etter deg som har disse eigenskapane:

  • Evne til å skape tillit hos dine medarbeidarar.
  • Du viser respekt og raushet i møte med mennesker, både kollegaer, samarbeidspartnere og klienter
  • Du er utprega god til å strukturere eigen og andre kvardag, overhalde fristar, gode leiareigenskapar og god gjennomføringsevne
  • Du har god vurderingsevne og tar sjølvstendige slutningar
  • Du har god arbeidskapasitet og meistrar stress på ein god måte
  • Du er ein lagspelar, med bidrag og lojalitet til tenesta sitt samfunnsmandat
  • Du har ein reflektert haldning og visar trygg med god forståing av leiarrolla

Vi tilbyr:

  • Individuell rettleiing
  • Rettleiing i grupper
  • Eit engasjert fagmiljø
  • Opplæring i metoden familieråd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift

Kontakt:

Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 934 84 846 evt. Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no 

Avdelingsleiar Hilde Martinussen Lønøy tlf: 99216092 evt. HildeMartinussen.lonoy@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Stillingsfunksjon
Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid, Barnevernspedagog
FINN-kode
392377107
Sist endret
06. feb. 2025 10:11