Lærarstillingar i Vanylven kommune

Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Stillingstittel
Lærarstillingar i Vanylven kommune
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig inntil seks stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå 01.08.2025. 

Kommunen har tre grunnskular

Myklebust skule, 1-10 skule

Fiskå skule, 1-7 skule

Åheim skule, 1-10 skule

I tillegg kan det bli aktuelt med lærarstillingar i pedagogisk vikarbank, alternativ opplæringsarena (VAOA) og voksenopplæringa.

Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga med fokus på sosialkompetanse/IBSM og lesing skuleåret 2025 - 2026. Vi har fokus på mestring, utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi ønskjer tilsette med god klasseleiing, samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å skape ein felles skule i utvikling. 

Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk og norsk. 


Arbeidsoppgåver

- Planlegge, gjennomføre og vurdere ordinær og tilpassa undervisning
- Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
- Systematisk arbeid med å skape gode relasjonar og eit trygt og godt skulemiljø for elevane
- Samarbeide med vekt på å auke elevane sitt læringsutbytte
- Målretta fagleg og sosial oppfølging av elev og elevgruppe
- Samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg fagkompetanse innan engelsk, matematikk, norsk, tysk, spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, og norsk som andrespråk.

- godkjent allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- god kometanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med å skape eit profesjonsfellesskap
- anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt i intervju og ved referanse

Personlege eigenskapar

Du er

- utviklings- og løysingsorientert
- ein tydeleg, robust og inkluderande klasseleiar
- god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
- omgjengeleg, initiativrik og fleksibel
- flink til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning 
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- deltakande og bidreg i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremjar eit godt skule-heim samarbeid

Tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven
kommune kan du få nedbetalt studielån opp til 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare
retningslinjer. I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar.

Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.

CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Sylvia Baade, rektor, 97030004, sylvia.baade@vanylven.kommune.no

Ole Martin Brudevoll, Rektor Åheim skule, 98892465, ole.martin.brudevoll@vanylven.kommune.no

Lena Landsverk Sande, Rektor kulturskule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Frode Vik, kommunalsjef kultur og oppvekst, 99288600, frode.vik@vanylven.kommune.no

Janne Kristin Torvanger, skulefagleg ansvarleg, 45257521, janne.kristin.torvanger@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4916979244

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Privat
Antall stillinger
6
Sted
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
392391854
Sist endret
06. feb. 2025 10:58