
Osterøytunet søkjer etter ferievikarar
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Osterøytunet søkjer etter ferievikarar
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Me treng sommarvikarar på Osterøytunet som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar,der kvar avdeling har 3-4 grupper. Gruppene har 9-10 bebuarar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Det er behov for vikarar på alle avdelingane våre, inkludert kjøkken og nattenesta. Arbeidstid varierar ut frå gruppe/avdeling. 1.og 2.etasje har turnus med seinvakter, tidligvakter eller langvakter på 14 timar med arbeid inntil annakvar helg. På kjøkken er det arbeid på dagtid medan nattenesta har kun nattevakter.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre , har eit godt humør og ei positiv innstilling !
Du
- er punktleg og tar ansvar, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne.
- du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.
- er påliteleg og lojal mot felles beslutningar
- spør når du er usikker på noko
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- har gode datakunnskapar
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
God opplæring
Ein spanande og gjevande sommarjobb
Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
Lønn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet
Arbeidsoppgåver
- Bistand og rettleiing ut frå brukar sine behov til blant anna personleg hygiene, daglege gjeremål, aktivitet, tilbereding av måltid
- Praktisk arbeid i gruppa
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidarar eller dei som er under relevant utdanning vert prioritert, men andre kan også søkje.
- Det er ynskjeleg med relevant erfaring, men er ikkje eit krav.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Anna informasjon
- Du som søkjer må helst være over 18 år.
- Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
- Me tek fortløpande kontakt med kandidatar frå omlag 1.mars, og avtalar gjennomføring av intervju og evt. tilsetjing
- Søkjarar som kan jobba samanhengjande i 4 veker eller meir i perioden veke 26- 34 vil verta prioritert
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 20
- Sted
- Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 392415800
- Sist endret
- 07. feb. 2025 07:15
Mer som dette




