Lyst å jobbe med handa på rattet i eit tverrsektoriet fagmiljø?

Arbeidsgiver
Ål kommune Familiens hus
Stillingstittel
Familiens hus, psykisk helse har ledig ein spanande 100% midlertidig stilling
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ål kommune ynskjer å yte heilheitlege og tilgjengelege tenester til born, unge og deira familiar. Innbyggerane skal oppleve at det er lett å ta kontakt og at hjelpa blir godt koordinert uavhengig av korleis tenestene er organisert.

Familiens hus ynskjer å styrke familiearbeidet. Psykisk helse born og unge jobber i tett samarbeid med familiar som opplever ulike utfordringar. I ei programperiode på 3 år ynskjer me å styrke det foreldre og familiestøttande arbeidet vårt.  

Familiens hus består av helsestasjonstenester, psykisk helse born og unge, ungdomslos, logoped og ppt. Me har tett samarbeid med avdeling Meistring der mellom anna fysioterapitenesta for born og unge samt KE er organisert.

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Har du lyst å bli med på laget?

Arbeidsoppgåver

  • sikre born, unge og familiar si  medverknad i eiga utvikling og behandling
  • jobbe med familiane sine styrker
  • jobbe i tett samarbeid med familiar og samarbeidande instansar
  • bidra i utvikling og evaluering av teamets arbeid 
  • råd og rettleiing  
  • samarbeide med pårørande og andre tenesteinnstansar
  • vera med å bygge laget rundt og saman med familien. 
  • sikre at born og unge får behandling og oppfølging i tråd med gjeldande lover og forskrifter

 Me søkjer deg som har:

  • minimum tre-årig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet, andre med relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert
  • erfaring med koordinering og møteleiing
  • har erfaring frå tverrfagleg samarbeid med barn og familiar
  • kunnskap om offentlege helse-, omsorgs- og velferdstenester
  • kjennskap til aktuelt lovverk
  • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • førarkort klasse B

 Det er ynskjeleg at du har:

  • rettleiingskompetanse
  • kunnskap / erfaring frå målretta miljøarbeid
  • god digital forståing
  • kjennskap til BTI-modellen
  • evne til å arbeide ut i frå eit familieperspektiv
  • relevant vidareutdanning

 Personlege eigenskapar:

  • stort engasjement for brukargruppa
  • relasjonskompetanse og god samarbeidsevne
  • evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • fleksibel og open for nye utfordringar
  • evne til å gå inn i den vanskelege samtalen

Det blir lagt stor vekt på å vere personelg eigna for stillinga

 Me tilbyr

  • positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • tilrettelagde og moderne lokalar
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter

I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du på vår heimside.

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Pensjonsordning i KLP.

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som blir tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sundrevegen 95, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
392532054
Sist endret
07. feb. 2025 12:13