Ønskjer du ei spennande leiarstilling med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Kontorleiar Nav Kinn // Region Sunnfjord
Stillingstittel
Leiar Nav Kinn
Frist
04.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du eit brennande engasjement for inkludering, arbeidsliv og mangfald og kan tenke deg å leie eit Nav-kontor med eit særs viktig samfunnsoppdrag? Då kan du vere den vi ser etter. Vi skal no tilsette ein leiar som kan vidareutvikle Nav Kinn, i samarbeid med dei tilsette, næringslivet og andre samarbeidspartar. 

Som Nav-leiar vil du få det faglege og administrative ansvaret for både statlege og kommunale tenester. Den viktigaste oppgåva di blir å sikre gode og heilskaplege tenester til innbyggarane i kommunen og ivareta mål om arbeidsinkludering og størst mogleg yrkesdeltaking. Nav er inne i ein viktig moderniserings- og endringsfase. Vi ser etter deg som kan legge til rette for effektive arbeidsformer, heilskaplege løysingar og gode tenester til brukarar og næringsliv. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!

Region Sunnfjord er ein fagleg sjølvstendig region i Nav Vestland med kring 52 000 innbyggarar. Regionen består av Nav-kontora i Sunnfjord og Ytre Sogn, Kinn og Askvoll. Nav Kinn er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Kinn Kommune. Stillinga inngår i leiargruppa i regionen og i kommunen, og rapporterer til regionleiar i Sunnfjord og til kommunalsjef i Kinn kommune. Nav Kinn har ei spennande kontororganisering med to lokasjonar, ei avdeling i Florø og ei i Måløy. Du vi bli leiar for omlag 40 tilsette fordelt på dei to avdelingane. Arbeidsstad er hovudsakleg i Florø, og det vil bli kontordagar i Måløy etter behov.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene ut frå innbyggarane sine behov
  • Fag, personal- og budsjettansvar
  • Skape og utvikle gode resultat i samsvar med mål, budsjett, planar og overordna føringar
  • Systematisk arbeid for eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring
  • Sikre eit godt partssamarbeid og medbestemming i kontoret
  • Legge til rette for kompetanseutvikling, læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
  • Vere pådrivar for effektiv tenesteyting og gode rutinar gjennom bruk av teknologi og digitale løysingar
  • Bidra til å vidareutvikle samarbeid i regionen og med våre samarbeidspartnarar
  • Bidra til eit godt samarbeid med dei ulike sektorane og tenestene i kommunen
  • Ta aktiv del i leiargruppa i regionen og i leiargruppa i Kinn kommune

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan økonomi, samfunnsfag eller jus. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring som leiar
  • Forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
  • God digital kompetanse
  • God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har:

  • Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
  • Erfaring frå personalleiing
  • God økonomiforståing 
  • Tilleggsutdanning innan leiing
  • Førarkort for personbil

Kva vi ser etter hos deg

Som leiar i NAV jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å skape tillit og sjå potensialet i dine tilsette. Gode relasjonsevner og evne til å byggje eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.

Vi ser etter ein kontorleiar med gode kommunikasjonsevner som motiverer tilsettgruppa og skapar eigarskap til felles mål og prioriteringar. I tillegg ønsker vi at vår nye leiar har interesse for å utvikle kontoret og drive endrings- og forbetringsarbeid. Du har god teknologiforståing og evne til å sette deg inn i nye løysingar og nytte digitale verktøy. 

Kvifor velje oss

  • Hos oss får du jobbe med meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
  • Du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
  • Vi har fine og nye kontorlokale sentralt i Florø
  • Vi tilbyr statleg tilsetting som Nav-leiar i stillingskode 1054 kontorsjef, med lønsspenn frå kr 800 000 til kr 850 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Du vil få ei god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Magne Kjetil Berg, Leiar Nav region Sunnfjord, 992 41 911, magne.kjetil.berg@nav.no

Norunn Stavø, Kommunalsjef Kinn kommune, 415 36 120, norunn.stavo@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39

6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV


Referansenr.: 4914920256

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Hans Blomgate 39, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Ledelse, Rådgivning, Kontor og administrasjon
FINN-kode
393197568
Sist endret
11. feb. 2025 02:38