Kolltveit skule

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Kolltveit skule
Stillingstittel
2 ledige stillingar som vernepleiar/sjukepleiar
Frist
25.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein fulldelt barneskule med om lag 250 elevar fordelt på 14 klassar. Skulen ligg sentralt i Øygarden kommune på Kolltveit, om lag 5 minutt med bil fra Straume. Skulen har gjennomført ei ombygging som har gjort skulen meir tilpassa og moderne. Vidare satsar skulen på forskingsbasert utvikling i eit profesjonelt kollegafellesskap.

Om stillingane:

Vi lysar no etter to stillingar:

Ein fast 100% stilling og eit vikariat frå 01.06.25 - 31.05.26

Arbeidsoppgåver:

  • Helsefaglege oppgåver knytt til born med særlege behov.
  • Miljøterapeutisk arbeid knytt til elevar med sosiale og emosjonelle behov.
  • Generelt læringsmiljøabeid på skulen.
  • Foreldresamarbeid og teamarbeid.
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i skule og skulefritidsordning.
  • Arbeid på Ferie-SFO

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Bachelor i vernepleie eller sjukepleie.
Ønskjeleg med:
  • Ønskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av teikn til tale/ASK
  • Erfaring frå arbeid med born med særlege behov i skulen.
Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Odd Erik Kjeldstad

                 Rektor

                 odd.kjeldstad@oygarden.kommune.no

                 Telefon: 55097602/99645370

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Alebakkane 18, 5360 Kolltveit
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
393206527
Sist endret
11. feb. 2025 02:19