Hjelteryggen skule

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Hjelteryggen skule
Stillingstittel
Lærar 100% fast
Frist
27.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om avdelinga:

Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 170 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua.

Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar.

Personalet jobbar i tverrfaglege team, der ulike faggrupper er representert.

Avdelinga tek imot borna frå heile kommunen.   

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning på mellomsteget med mogleg kontaktlæraransvar
  • Samarbeid med føresette
  • Samarbeid på team og skulenivå
  • Delta og bidra i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10 med fordjuping i matematikk
Ønskeleg med:
  • Erfaring frå arbeid i grunnskulen
  • Ønskeleg med kroppsøving i fagkrinsen
Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Siri Håland

Rektor

siri.haland@oygarden.kommune.no

Telefon: 55097904/92857144

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Søre Knappen 4, 5355 Knarrevik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
393464046
Sist endret
13. feb. 2025 11:27