Helsefagarbeidar - fast helgestilling, natt, ved Giske omsorgssenter 

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - nattstilling ved Giske omsorgssenter
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig om lag 25 % fast helgestilling på natt som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter frå snarast. 

Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, med totalt 30 plassar. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkken, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabilitering lokalisert. Denne nattstillinga ligg under Giske omsorgssenter, men hjelper nattevakt i heimetenesta med oppdrag når det er behov for det.

Stillinga inngår i turnus med tre vakter kvar 3. helg.

Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgåver etter gjeldande lover og forskrifter, og som ønskjer å bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.
 

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Vanlege oppgåver i bukollektiv med heildøgns pleie-og omsorgstilbod, og i samarbeid med heimebasert omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Sertifikat for bil.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318

Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune


Referansenr.: 4921846209

Stillingsprosent: 25%

Fast

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Valderøya, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
393572571
Sist endret
14. feb. 2025 07:52