Lærarstilling - Vikariat, 100% på Lægreid skule

Arbeidsgiver
Eidfjord kommune
Stillingstittel
Lærarstilling - Vikariat, 100% på Lægreid skule
Frist
09.03.2025

Beskrivelse

Vikariat 100% stilling som lærar på Lægreid skule skuleåret 2025/2026

Stillinga
Me søkjer lærarar som har god kompetanse i klasseleiing, i variert bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga, og har fokus på å skape gode relasjonar med elevane. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i norsk, engelsk, matte, naturfag og spansk. 

Det er behov for lærarar med grunnskuleutdanning 1.-7. klasse og 5.-10. klasse, og at søkjarar har erfaring i å undervise på tvers av trinna i grunnskulen. Kontaktlærar kan vere aktuelt. Det er kombinasjonen av ønska kvalifikasjonar til søkjaren, saman med allereie eksisterande kompetanse på Lægreid skule, som vil danne grunnlag for tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • likar å arbeida med barn og unge
  • god relasjonskompetanse
  • er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega
  • bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø
  • kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover våren og sommaren.

Anna
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Løn etter gjeldande avtaleverk. Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing. Politiattest vert krevd i samband med tilsetjinga jfr. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. 

Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju. 

Spørsmål
Ta kontakt med:
Rektor Anne Underdal tlf. 922 28 448, eller assisterande rektor Hilde Anette Bu, tlf. 913 46 788 om du har spørsmål.

Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden
Merk søknadsskjema med: arkivsakID 25/229

Sektor
Offentlig
Sted
5783 Eidfjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
393589409
Sist endret
14. feb. 2025 10:04