
Helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Er du oppteken av å betre folkehelsa for menneske i Nordfjord kva gjeld psykisk helse?
Brenn du for at menneske skal oppleve respekt, likeverd, medverknad og omsorg når dei møter vanskelege periodar i livet? Då kan dette vere arbeidsstaden for deg!
Ved Nordfjord psykiatrisenter er vi opptekne av å gjere ein innsats for menneske som opplever psykiske vanskar i ulike fasar i livet. Ved Seksjon døgn har vi 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. På psykiatrisenteret har vi tre seksjonar med til saman omlag 75 årsverk, mellom anna psykologar, overlegar, lege i spesialisering, sosionomar, helsesportspedagog, erfaringskonsulentar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.
Akkurat no er det deg som er helsefagarbeidar vi søkjer. Vi har ledig 100% vikariat frå 01.05.2025 - 31.01.2026, med arbeid kvar tredje helg.
Vi tilbyr
- Jobbe saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver
- Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
- Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
- Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag
- Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling
Arbeidsoppgåver
- Ta vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald
- Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
- Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våre til det beste for pasientane
- Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar
- Tredelt turnus inkludert arbeid på natt, arbeid kvar 3. helg
Personlege eigenskapar
- Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn
- Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
- Ønskje om fagleg utvikling
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Interesse for fagfeltet
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 578 64 335Arbeidssted
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4914753807
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 394534530
- Sist endret
- 21. feb. 2025 06:26
Mer som dette



