Rektor Onarheim skule

Arbeidsgiver
Tysnes Kommune
Stillingstittel
Rektor Onarheim skule
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Blir du med å skapar framtida som rektor i Tysnes?

Tysnes kommune har ledig 100 prosent fast stilling som rektor. Stillinga byr på spanande og utfordrande leiaroppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.

Onarheim skule er ein fådelt skule med ca. 30 elevar på 1.-7. årstrinn og 5 tilsette. Det er SFO-tilbod ved skulen. Rektor har ein administrativ ressurs på omlag 50 prosent, resten av stillinga er undervisning. 

Rektor er ein del av kommunalsjef oppvekst si leiargruppe. Det vert halde jamlege rektormøter med fokus på samarbeid og felles utvikling av Tysnesskulane. Søkjar må vere oppdatert rundt tema om skuleutvikling og læreplanforståing, og ha evne til å bruke denne kunnskapen i utviklinga av skulen og samarbeid med andre. Me har stort fokus på utvikling og samarbeid rundt heile oppvekstområde. 


Arbeidsoppgåver
  • Vidareutvikling av skulen sitt faglege fellesskap rundt læringsoppdraget og det systematiske og målretta arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø
  • Vere ein synleg leiar som formulerer mål og forventningar for framtidas skule og har god gjennomføringskraft
  • Bidra til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar
  • Driva systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette
  • Leia ei tilsettgruppe som mobiliserer sin kompetanse til det beste for elevane si læring
  • Bygga skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette
  • Sørgja for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar
  • Undervisning omlag 50 prosent.

Kva kompetanse som er viktig i denne stillinga
  • Pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisning
  • Relevant leiarerfaring/-kompetanse er ein føremon
  • Erfaring med målretta utvikling i skulen og verksemdsstyring er ønskjeleg
  • Kjennskap til lov og avtaleverk
  • God system- og rolleforståing
  • Kommunisera godt, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i Tysnes er nynorsk.

Før tiltreding må det leggast fram politiattest i tråd med opplæringslova § 17-11.


Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som får god tillit og relasjon til elevar, foreldre og tilsette. Du er ein utviklingsporientert og beslytningsdyktig leiar, som evnar å skapa oppslutning om skulen sitt oppdrag. Du har ein leiarstil som er prega av gode samarbeidsevner, tydeleg kommunikasjon og involvering. Ditt arbeid er prega av målretta struktur, du evnar å prioritera i ein hektisk kvardag og jobbar strategisk med utgangspunkt i gode analysar.

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen.

 


Kvifor skal du velja oss?

Blir du blir motivert og engasjert av å arbeida i eit læringsfellesskap som jobbar for å gje alle elevane våre ei oppleving av å meistra og høyra til? Då trur me at du vil trivast hos oss! Me er opptekne av det samla samfunnsoppdraget til skulen og korleis me kan utøva det best mogleg for elevar og tilsette. I rektorgruppa har me eit godt og støttande profesjonsfellesskap, som jobbar tett om skuledrifta, utvikling og satsingsområde. Det er viktig for oss at alle i Tysnesskulane skal oppleva å vera ein del av eit sterkt prosesjonsfellesskap med gode relasjonar til elevane, og me jobbar for å bygga gode team der me nyttar den interne kompetansen best mogleg. 

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i SPK - Statleg pensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. 

Stillinga er lønsplassert i kapittel 3.4.2, med årlege lønsjusteringar etter lokale forhandlingar. Stillinga er unormert og det vert såleis tildelt 5 kompensasjonsdagar per år.

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.


Sektor
Offentlig
Sted
Onarheimsvegen 297, 5694 Onarheim
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
394601004
Sist endret
21. feb. 2025 07:52