ID 2288 Helsefagarbeidar - Eining for habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sæbøhaugen A treng ein ny kollega som har autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne -- og ungdomsarbeidar. Me ser etter deg som er motivert, har brukarfokus og ønskjer å bidra med å gje brukarane ein trygg, innhaldsrik og meiningsfull kvardag.

Sæbøhaugen A er eit bufellesskap for 7 personar med funksjonsnedsettingar, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Det er god variasjon i oppgåver, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon og tilrettelegging for sosiale aktivitetar.

Det er ledig fast 80% stilling for autorisert helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar frå 01.04.25.

Stillinga har turnus med dag, kveld og langvakter, og langvakter kvar fjerde helg. Det kan vere mogleg å auke stillinga til 100% gjennom å kombinera denne stillinga med stilling i Eining for habilitering sin ressursstab.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod

  • Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar

  • Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar

  • Bruke kommunikasjonsverktøy

  • Legemiddelhandtering

  • Dokumentasjon gjennom fagsystem

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev og relevant erfaring.

  • Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig

  • Har gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner

  • Er fleksibel og løysningsorientert

  • Førarkort klasse B

  • Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

  • Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Hilde Bratland, tlf 908 44 092 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
394602957
Sist endret
21. feb. 2025 08:09